From Wikipedia, the free encyclopedia
Brampton er ein marknadsby og eit civil parish i Carlisle i Cumbria i England. Byen har 4 361 innbyggjarar (2001).[2] Det ligg eit slott her, Naworth Castle, der jarlane av Carlisle heldt til.[3]
Brampton | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Folketal | 4 545 (2021)[1] | ||
Brampton i Carlisle 54.9409°N 2.7329°W | |||
Wikimedia Commons: Brampton, Carlisle | |||
St Martin's Church i Brampton er kjend som den einaste kyrkja utforma den prerafaelittiske arkitekten Philip Webb, og har eit sett glasmåleri utforma av Edward Burne-Jones og laga ved William Morris sitt studio.
Ein trur byen blei grunnlagd som ein anglarbusetnad på 600-talet.[4] Brampton blei gjeven status som marknadsby i 1252 av kong Henrik III.[5]
Stadnamnet «Brampton» er fyrst dokumentert i Charter Rolls frå 1252, der det er skrive «Braunton». I Taxatio Ecclesiastica frå 1291 er det skrive «Brampton». Namnet er avleidd frå gammalengelsk 'Brōm-tūn', som tyder 'by/busetnad der det veks gyvel'.[6]
Ei stor motte-and-bailey-borg frå mellomalderen, kejnd som The Mote, har utsyn over byen.
Den opphavlege kyrkja på staden ligg nokre mile vest frå busetnaden. Ho er kjend som Brampton Old Church, og ligg på staden der det var ein romersk festning ved Stanegate.
Brampton jernbanestasjon, på jernbanelinja mellom Newcastle og Carlisle, ligg rundt ei mile utanfor byen, nær busetnaden Milton.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.