From Wikipedia, the free encyclopedia
National Trust (fullt namn The National Trust for Places of Historic Interest or Natural Beauty, «Den nasjonale stiftinga for stadar av historiske interesse eller naturvenleik») er ein britisk organisasjon som arbeider for å verna naturområde, kulturlandskap og historiske bygningar i England, Wales og Nord-Irland. Skottland har sin eigen organisasjon, National Trust for Scotland.
National Trust | |||
Skipa | 12. januar 1895 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Swindon | ||
Leiar | Kong Charles III av Storbritannia | ||
Omsetjing | 634 339 000 britisk pund (2019) | ||
Donasjonar | 84 182 000 britisk pund (2019) | ||
Tilsette | 7 463 (2019) | ||
Motto | For ever, for everyone | ||
Nettstad | https://www.nationaltrust.org.uk/ |
Organisasjonen er registrert som ei velgjerande stifting, og eig ei rekkje historiske bygningar. Han legg vekt på at desse skal vera tilgjengelege for publikum. I nokre tilfelle bur dei tidlegare eigarane framleis i bygningen, og då prøver ein å finna ordningar for at delar av det skal vera tilgjengeleg. National Trust eig òg store område langs kysten, totalt omkring ein femtedel av kystlinja i England, Wales og Nord-Irland. Gjennom Prosjekt Neptun er det planar om å kjøpa endå meir av kystlinja for å sikra henne mot utbygging. Fleire stadar har organisasjonen feriehus som blir leigde ut.
National Trust blei oppretta i 1895 av Octavia Hill, sir Robert Hunter og Hardwicke Rawnsley. Verksemda blir for det meste driven gjennom bidrag frå dei over 3 millionar medlemmane. Gjennom lovgjeving har han fått retten til å erklæra eigedomar som uavhendelege, noko som medfører at dei ikkje kan seljast eller pantsetjast mot ønsket til stifinga utan godkjenning frå det britiske parlamentet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.