Remove ads
britisk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Joseph Rudyard Kipling (30. desember 1865–18. januar 1936) var ein britisk forfattar. Han er kjend for barnebøker som Jungelboka (1894), Kim (1901) og Just So Stories (1902), dikt som «If—» og «The White Man's Burden», og fleire noveller frå Britisk India, og skreiv også reportasjar og reiseskildringar. Kipling blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1907 som den fyrste engelskspråklege og den yngste nokonsinne. Han blei også tilbode britiske riddarordenar og stillinga som Poet Laureate (statsdiktar), noko han takka nei til.
Rudyard Kipling | |
Kipling måla av Philip Burne-Jones | |
Nasjonalitet | Britisk |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 30. desember 1865 Bombay i Britisk India |
Død | |
Yrke | Journalist, forfattar |
Språk | engelsk |
Påverka | Robert A. Heinlein, Jorge Luis Borges, H. Rider Haggard |
Sjanger | reiseskildring, barnelitteratur, fabelprosa |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Royal Society of Literature |
Far | John Lockwood Kipling |
Mor | Alice MacDonald Kipling |
Ektefelle | Caroline Starr Balestier |
Born | John Kipling, Elsie Bambridge, Josephine Kipling |
Rudyard Kipling på Commons |
Kipling var svært godt likt for dikta og forteljingane sine i si levetid, men blei mot slutten av tida for Det britiske imperiet sett på som meir av ein «profet for britisk imperialisme».[1] Mange av verka hans blei sett på som unødig brutale og fordomsfulle. Barnelitteraturen har derimot overlevd og vidareført til nye medium som film og fjernsyn, til dømes Mowgli og Rikki-Tikki-Tavi frå Jungelboka og guteboka Kim.
(ufullstendig)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.