From Wikipedia, the free encyclopedia
Hardknott Roman Fort er ein arkeologisk funnstad som omfattar restane av den romerske festningen Mediobogdum.[1] Det ligg på vestsida av Hardknott Pass i Cumbria i England. Festningen blei bygga mellom 120 og 138 på eit bergutspring. Garnisonen var opphavleg ei avdeling av Cohors IV Delmatarum frå kysten av Dalmatia (i noverande Kroatia). Han blei forlaten rundt ti år seinare, og deretter okkupert rundt 200 og var deretter i bruk i store delar av dei neste to hundreåra.
Hardknott Roman Fort | |||
| |||
Hardknott Roman Fort 54.4033°N 3.20317°W |
---|
Festningen blei bygd på eit steinutspring som har fantastisk utsikt over elva Esk i både øvre og nedre Eskdale, og vernar Hardknott Pass. I ei høgd på 800 fot er det ikkje den høgast plasserte festningen i den romerske provinsen Britannia - den høgaste festningen er Epiacum eller Whitley Castle, like over grensa frå Cumbria i Northumberland, som ligg på 1050 fot.
Ruinane er vanlegvis blitt kalla Hardknott Fort eller Hardknott Castle i nyare tid, men er identifisert frå Ravenna-kosmografien som festningen Mediobogdum,[2] som låg langs vegen mellom festningane Galava (Ambleside) og Glannoventa (Ravenglass).
Festningen blei bygga mellom 120 og 138, og blei forlaten under den antoninske framrykkinga inn i Skottland på midten av 200-talet. Han blei gjeninntatt rundt 200, og fortsette å vera i bruk til dei siste årea av 300-talet. I løpet av denne tida utvikla det seg ein omfattende busetnad eller vicus utanfor festningen.[3] Den fyrste romerske garnisonen her var ei avdeling på 500 infanteri frå Cohors IV Delmatarum frå den dalmatiske kysten.[4]
Festningen er firkanta med avrunda hjørner. Han er 114 meter lang utvendig og 105 meter innvendig. Vollveggen er rundt 1,7 meter tjukk med grøfter som auker den totale breidda til vollen. Dei låge veggane blei «restaurerte» for nokre år sidan, med eit skiferlag som viser høgda på murane før dei blei bygde opp att.
Ytterveggen har fire portar som ligg i midten av kvar side, og utkikkstårn i kvart hjørne. Innanfor murene ligg dei gjenverande konturane av fleire bygningar: to kornmagasin side om side, hovudkvarterbygningen til garnisonen og villaen til garnisonkommandanten, eller praetorium. I tillegg til desse steinbygningene ville tømmerkonstruksjonar ha vore brakker for hjelpestyrkane.[4]
Utanfor den firkanta festningen ligg restane av eit badehus, som har eit sjeldant sirkulært sudatorium, og den flate paradeplassen, som er rekna som det finaste attvernade eksemplaret på dette i England.[5]
Restane av festningen ligg på land som tilhøyrer National Trust som del av eigedommen Wasdale, Eskdale and Duddon. Han blir vedlikehalden av English Heritage.
Det er funne lêrgjenstandar frå den romerske tida på staden. Ei utgraving frå 1965 fann eit stykke lêr nær kornmagasinet som ein går ut frå kom frå ein soldatjakke. Ei anna utgraving i 1968 av Dorothy Charlesworth og J.H. Thornton avdekket meir lêr, inkludert fleire sko.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.