From Wikipedia, the free encyclopedia
Milecastle var ein liten, rektangulær festning frå Romarriket. Dei blie bygde med intervalla på rundt ei romersk mil langs fleire viktige grenser av riket, som ved Hadrianmuren i Britannia.
Langs Hadrianmuren blei milecastlea opphavleg bygde av stein ved dei austlege to tredelane av han, og av stabla torv med ein trepalisade i den vestre tredelen, men milecastle av torv blei seinare bygd opp att med sein. Storleiken varierte, men generelt var dei rundt 15 gangar 18 meter på innsida, med steinmurar så tjukke som 3 meter og truleg 5-6 meter høge, det same som den tilstøytande muren. Der var 80 milecastle og 158 tårn langs muren.
Langs Hadrianmuren vakta vanlegvis eit milecastle ein port gjennom muren og gangvegar over grøfta nord for muren. Dei hadde typisk ein garrnison på rundt 20–30 auxilia-soldatar som budde i to brakkegrupper. På kvar side av eit milecastle var det eit steintårn som låg rundt ei tredels romersk mil (500 meter) unna. Ein går ut frå at folk frå garnisonen også bemanna tårna. Garnisonen ved eit milecastle kontrollerte passasjen til folk, varer og husdyr over grensa, og det er sannsynleg at eit milecastle også fungerte som tollstasjon for grensetrafikken.
Det fanst også eit system av mindre milecastle (kalla milefortlets) og vakttårn imellom frå vestenden av Hadrianmuren, langs kysten av Cumbria så langt som Tårn 25B ved Flimby,[1] men dei var bundne saman av ein trepalisade og ikkje ein mur med ei djup grøft. Dei hadde heller ingen portar gjennom palisaden.[2]
Omgrepet «milecastle» blei formalisert av Robert Smith i 1708, men var i uformell bruk av lokalbefolkninga før dette.[3] Det viser vanlegvis til byggverka knytte til ringmuren, medan omgrepet «milefortlet» gjerne blir brukt for å visa til liknande installasjonar som fortsette langs den cumbriske kysten og var samtidige med milecastlea. Vakttårna som står mellom milefortlet blir omtalte som tårn.[4]
Milecastle er nummererte frå 1 i aust til nummer 80 i vest. Dette systemet blei innført av J. Collingwood Bruce ved slutten av 1800-talet, og blei standardisert rundt 1930. Peter Hill har lagt fram ein teori om at det kan ha vore eit ekstra Milecastle 0.[5] Milefortlet har nummer frå 1 (West of Bowness on Solway) kanskje så langt opp som 26 (ved Flimby). Ein bruker ofte forkortingar som MC1, MC2 osb. for milecastle og MF1, MF2 osb. for milefortlet. Tårn imellom har alfabetiske suffiks, slik at tårna vesd MC20 er tårn 20a and 20b, eller T20a og T20b. Trass i bevis for at ringmuren fortsette rundt ei kvart mile vest for Bowness-on-Solway blir tårna mellom MC80 og MF1 kalla Towers 0a og 0b.[4]
Der torvdelen og steindelen av Hadrianmuren skil lag frå kvarandre, like vest for Birdoswald, får milecastles og tårn som berre finst ved torvmuren eller Turf Wall suffikset TW, som MC50 TW.[4]
Nummer | Namn |
---|---|
0 | (uta namn, eksistensen er usikker) |
1 | Stott's Pow[6] |
2 | Walker[7] |
3 | Ouseburn[8] |
4 | Westgate Road[9] |
5 | Quarry House[10] |
6 | Benwell Grove[11] |
7 | Benwell Bank[12] |
8 | West Denton[13] |
9 | Chapel House[14] |
10 | Walbottle Dene[15] |
11 | Throckley Bank Top[16] |
12 | Heddon[17] |
13 | Rudchester Burn[18] |
14 | March Burn[19] |
15 | Whitchester[20] |
16 | Harlow Hill[21] |
17 | Welton[22] |
18 | East Wallhouses[23] |
19 | Matfen Piers[24] |
20 | Halton Shields[25] |
21 | Down Hill[26] |
22 | Portgate[27] |
23 | Stanley[28] |
24 | Wall Fell[29] |
25 | Codlawhill[30] |
26 | Planetrees[31] |
27 | Low Brunton[32] |
28 | Walwick[33] |
29 | Tower Tye[34] |
30 | Limestone Corner[35] |
31 | Carrowburgh[36] |
32 | Carraw[37] |
33 | Shield-on-the-Wall[38] |
34 | Grindon[39] |
35 | Sewingshields[40] |
36 | King's Hill[41] |
37 | Housesteads[42] |
38 | Hotbank[43] |
39 | Castle Nick[44] |
40 | Winshields[45] |
41 | Melkridge[46] |
42 | Cawfields[47] |
43 | (Unnamed?)[48] |
44 | Allolee[49] |
45 | Walltown[50] |
46 | Carvoran[51] |
47 | Chapel House[52] |
48 | Poltross Burn[53] |
49 | Harrow's Scar[54] |
50 | Turf Wall[55] |
51 | Wall Bowers[56] |
52 | Bankshead[57] |
53 | Banks Burn[58] |
54 | Randylands[59] |
55 | Low Wall[60] |
56 | Walton[61] |
57 | Cambeckhill[62] |
58 | Newtown[63] |
59 | Old Wall[64] |
60 | High Strand[65] |
61 | Wallhead[66] |
62 | Walby East[67] |
63 | Walby West[68] |
64 | Drawdykes[69] |
65 | Tarraby[70] |
66 | Stanwix Bank[71] |
67 | Stainton[72] |
68 | Boomby Gill[73] |
69 | Sourmilk Bridge[74] |
70 | Braelees[75] |
71 | Wormanby[76] |
72 | Fauld Farm[77] |
73 | Dykesfield[78] |
74 | Burgh Marsh[79] |
75 | Easton[80] |
76 | Drumburgh[81] |
77 | Raven Bank[82] |
78 | Kirkland[83] |
79 | Solway House[84] |
80 | (Utan namn)[85] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.