Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.
UNESCO | |||
| |||
| |||
Skipa | 16. november 1945 | ||
---|---|---|---|
Morselskap | Dei sameinte nasjonane[1] | ||
Hovudkontor | Paris | ||
Styreleiar | Audrey Azoulay (15. november 2017)[2] | ||
Nettstad | https://en.unesco.org (engelsk), https://fr.unesco.org (fransk), https://es.unesco.org (spansk), https://ru.unesco.org (russisk), https://ar.unesco.org (arabisk), https://zh.unesco.org (kinesisk) |
UNESCO vart stifta 16. november 1945 og konstitusjonen hans vart sett i kraft 4. november 1946 etter ratifisering av følgjande 20 land: Brasil, Canada, Kina, Tsjekkoslovakia, Danmark, Den dominikanske republikken, Egypt, Frankrike, Hellas, India, Libanon, Mexico, New Zealand, Noreg, Saudi-Arabia, Sør-Afrika, Tyrkia, Storbritannia, USA og Austerrike.
UNESCO verker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.
UNESCO-konvensjonen om vern av verda si kultur- og naturarv av 1972 har som formål å sikre vern av kulturminnesmerke og naturområde som har stor betyding i verdsmålestokk.[3] 788 slike verneobjekt er hittil peika ut per juli 2004. I Noreg står Bryggen i Bergen (Tyskebryggen), Røros by, Urnes stavkyrkje, helleristingane i Alta og Vegaøyane i Nordland på lista over verdsarva.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.