From Wikipedia, the free encyclopedia
Military Road er eit lokalt namn for delar av vegen B6318 i Northumberland i England. Vegen går frå Heddon-on-the-Wall (54.9974°N 1.7929°W) i aust til Greenhead (54.9820°N 2.5344°W) i vest. Mykje av vegen går parallelt med den romerske Hadrianmuren, og store delar av han er bygde på grunnmuren til denne. Vegen er likevel ikkje ein romarveg, men ein veg bygd for å kunna transportera militære styrkar og utstyr mellom Newcastle og Carlisle.
Vegen må ikkje forvekslast med den romerske militærvegen ved Hadrianmuren i sør. Han må heller ikkje forvekslast med andre vegar kalla Military Road som blei bygde i Skottland under Field Marshal Wade. Desse inkluderer vegar ved Corrieyairack Pass og Aberfeldy.
Langs mykje av lengda si er Military Road heilt rett, og minnar om ein romarveg. Omgrepet «militærveg» kjem ikkje frå dette, men frå ønsket om ein veg som var eigna for flyting av militært utstyr og køyretøy mellom Newcastle og Carlisle. Dette var i stor grad som svar på dei dårlege forholda hannoveriske styrkar under feltmarskalk Wade hadde møtt i 1746 då dei freista å undertrykka jakobittar som kjempa for Bonnie Prince Charlie i nord. Vanskane til troppane under feltmarskalk Wade, og tilknytinga hans til andre «militærvegar» i Skottland, er truleg kjelda til at mange trut han òg var ansvarleg for denne ruta.
Avgjerda om å forbetra vegkommunikasjonen blei tatt som svar på vanskane med å flytta den hannoveriske hæren under general George Wade frå Newcastle til Carlisle i 1746; reisa skal ha tatt nesten ei veke mellom 16. og 22. november.[1] I lys av den dårlege tilstanden til vegen rekna ein det som ei hastesak å forbetra traséen. Bygginga byrja i midten av 1751, og blei fullført i 1758. Bygginga av den historiske militærvegen, som B6318 delvis går på, er omtalt som eit av dei mest skadelege enkeltåtaka på Hadrianmuren. Topografien vest for Sewingshields gjorde det nødvendig for vegen å skilja lag med muren, og dette verna mykje av det som er att av muren i dag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.