From Wikipedia, the free encyclopedia
Mile er ei måleining for lengd som blir brukt i nokre engelsktalande land. Ho svarar til rundt 1 609 meter på land og 1 852 meter til sjøs og i lufta.
Eininga har opphav i Romarriket. Der målte ein lengd i dobbelsteg, det vil seia to steg tekne av ein gjennomsnittleg romersk soldat. Tusen slike steg, mille passus, utgjorde om lag 1 479 meter. Langs vegnettverket dei laga, sette romarane opp milesteinar for kvart tusande steg for å visa avstanden til Roma. Desse steinane blei kalla milliarium.
Då Romarriket fall, stod steinane igjen. Dei blei etter kvart tekne i bruk av nye herskarar, saman med ei eller anna form av eininga. Det norske ordet mil kjem òg opphavleg frå romarane sine tusen skritt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.