From Wikipedia, the free encyclopedia
Piggtråd er gjerdetråd av ståltråd med spisse piggar som stikk ut. Typen som er i allmenn bruk i dag blei patentert i USA i 1874. Piggtråd blir laga i mange variantar, alt frå «barberblad-utføring» til den eldre og meir brukte typen. Piggtråd er ofte brukt på høge gjerde og finst i hovudsak rundt industribygg, militære område, somme riksgrenser og i samband med gardsbruk.
Bruken av piggtråd er lovregulert i Noreg (Lov om dyrevern). I 2010 blei det innført eit absolutt forbod mot piggtråd i gjerde sett opp for å regulera ferdselen til dyr.[1]
Det fyrste patentet på piggtråd blei gjeve i USA i 1867 til Lucien B. Smith frå Kent i Ohio.[2] Smith er dermed rekna som opphavsmannen til oppfinninga.[3][4] Joseph F. Glidden frå DeKalb i Illinois fekk patent på den moderne utforminga i 1874[5] etter å ha forbetra den tidlegare modellen.
Piggtråd var den fyrste ståltrådteknologien som kunne sperra inne storfe. Ståltrådgjerde er billigar og lettare å setja opp enn alternativa,[6] og då slike gjerde blei tilgjengelege i USA seint på 1800-talet blei det overkommeleg å gjerda inn større område enn tidlegare. Dette gjorde at ein kunne halda store storfeflokkar meir intensivt enn ein hadde gjort tidlegare.
Ein kan også bruka piggtråd som hinder på ei slagmark. Piggtråd blei fyrst brukt i militær samanheng av spanske styrkar på Cuba under den spansk-amerikanske krigen i 1898.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.