Nasjonalrett

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Nasjonalrett
Remove ads

Ein nasjonalrett er ein matrett som representerer eit særskild land, nasjon eller region.[1] Ein rett kan få denne statusen av fleire ulike grunnar:

  • Han er basiskost laga av lokale ingrediensar på ein særskild lokal måte, som fruits de mer servert ved vestkysten av Frankrike.[1]
  • Han inneheld ein særskild «eksotisk» ingrediens som blir produsert lokalt, som søramerikansk paprika dyrka i dei europeiske Pyreneane.[1]
  • Han blir servert ved lokale høgtider eller festar som er del av den lokale kulturarva og/eller del av religiøs utøving, som jul, korban pesach eller iftar.[1]
  • Han er blitt framheva som ein nasjonalrett av krefter i landet sjølv, som promoteringa av fondy som nasjonalrett for Sveits av den sveitiske osteunionen (Schweizerische Käseunion) frå 1930-åra.[2]
Thumb
Den kasakhiske nasjonalretten kazaksha et (kasakhisk kjøt) eller beshbarmak.

Nasjonalrettar er ein del av identiteten og sjølvbildet til ulike nasjonar, regionar eller kulturar.[3] Under den europeiske imperialismen kunne land utvikla nasjonalrettar for å skilja seg ut frå rivalane sine.[4]

I land med mange ulike folkegrupper og kulturar, som India, Kina og Mexico, kan det vera nær umogleg å sameina seg om ein nasjonalrett.[3] Då det gjekk rykte om at styresmaktene planla å utropa khichdi til nasjonalrett skapte det oppstand, men dette blei seinare avkrefta som ei misforståing.[5][6][7]

Remove ads

Latinamerikanske nasjonalrettar

I Latin-Amerika finst det ofte rettar rekna som nasjonale spreidd i fleire land, som ceviche i Peru og Ecuador, eller matambre som er nær ved å vera rekna som nasjonalrett i Paraguay, Uruguay og Argentina.[8] Kjøtstuing med kokebanan og rotfrukter er platos nacionales i fleire land i Sentral-Amerika, Sør-Amerika og Karibia: Colombiansk ajiaco eller sancocho i Den dominikanske republikken, Colombia og Panama er døme på slike rettar. Ifølgje Zilkia Janer (2008) stiller denne delinga av nasjonalrett mellom ulike land spørsmål kring ideen om at kvart land har ein særskild nasjonalrett som er spesiell for landet; ho seier at mattradisjonar ikkje følgjer nasjonale og geopolitiske grenser.[3]

Identifiseringa av latinamerikanske nasjonalrettar kan vera sterkare blant utflyttarsamfunn i Nord-Amerika.[3] I latinamerikanske land er nasjonalretten gjerne del av mattradisjonen til bygdesamfunn, og ikkje nødvendigvis daglegkost for folk som bur i byane. I utflyttarsamfunn kan retten takast tilbake for å halda på ein nasjonal identitet eller eit band til heimlandet, og blir høgtideleg servert i heimar og restaurantar. Denne danninga av nasjonal identitet gjer at samfunnet kan stå imot press for homogenisering av mange etnisk og kulturelt ulike grupper til ein stor gruppeidentitet som latino eller hispanic.[3]

Remove ads

Drikke

Nasjonaldrikkar er særmerkte drikkar som er sterkt knytte til eit visst land eller område, og kan også vera del av nasjonal identitet. Nasjonaldrikkar kan inngå i to kategoriar, alkoholdrikkar og leskedrikkar. Ein alkoholhaldig nasjonaldrikk kan vera ein nasjonal likør som ein kan drikka ublanda (som med whiskey i Irland), men er som regel ein blanda drikk eller cocktail (som caipirinha i Brazil og pisco sour i Peru og Chile), eller øl eller vin. Nokre nasjonaldrikkar utan alkohol kan vera te for Kina, coca-cola for USA, lassi for India, maté for Uruguay og kompot for austeuropeiske land.

Remove ads

Rettar etter land

Denne lista over nasjonalrettar er ikkje fullstendig, men inneheld ulike matrettar som er lagt fram som nasjonalrettar.

A

Thumb
Argentinske empanadas

B

Thumb
Belgiske frites med majones

C

D

Thumb
Stegt flæsk med persillesovs frå Danmark.

E

F

Thumb
Pot-au-feu, nasjonalrett i Frankrike

G

H

I

Thumb
Tumpeng, nasi kuning og andre indonesiske rettar.

J

Thumb
Sushi frå Japan

K

L

Thumb
Tabbouleh frå Libanon

M

Thumb
Nasi lemak, nasjonalrett i Malaysia.

N

Thumb
Dal bhat frå Nepal

O

P

Thumb
Adobo, nasjonalrett frå Filippinane

Q

R

S

Thumb
Svensk krepselag

T

Thumb
Tom yum, nasjonalrett i Thailand

U

Thumb
Sunday roast — i dette dømet med potetstappe og grønsaker — er ein britisk nasjonalrett. Ein liten Yorkshire-pudding her gjer denne verskonen særskild engelsk.

V

Z

Remove ads

Galleri

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads