Hongkong

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hongkong

Hongkong[a] (pinyin Xiānggǎng eller Yale romanisering av kantonesisk Hēunggóng) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 7,5 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Hongkong
香港
spesiell administrativ region
Thumb
Thumb
Flagg
Thumb
Symbol
Forkorting: Hong Kong SAR  /  HKSAR
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Folkerepublikken Kina, Aust-Asia
Hovudstad Hongkong
Areal 1 105,69 km²
Folketal 7 413 070 (2021)[1]
Språk engelsk, kantonesisk
Tidssone UTC +8
Retningsnummer +852
Domene .hk
Thumb
Hongkong
22.278333333333°N 114.15861111111°E / 22.278333333333; 114.15861111111
Thumb
Kart som viser Hongkong.
Kart som viser Hongkong.
Wikimedia Commons: Hong Kong
Lukk

Historie

Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.

Utdanning

Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet[2] (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet,[3] The Education University of Hong Kong[4] og Chinese University of Hong Kong.

Galleri

Merknader

  1. Offisielt namn: kinesisk 中華人民共和國香港特別行政區, engelsk Hong Kong Special Administrative Region of the People's Republic of China.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.