From Wikipedia, the free encyclopedia
Moambe, muamba, mwambe eller nyembwe, også kjend som palmesmør, palmekrem eller uraffinert palmeolje, er ein ingrediens laga av perikarpen (ikkje frøa) til palmenøtter, frukta av afrikansk oljepalme (Elaeis guineensis). Det er ein viktig ingrediens i sausar og gryterettar i afrikansk mattradisjon, som ofte også kan heita moambe eller liknande. Ein finn også rettar som minnar om desse i Aust-Brasil.[1]
Retter laga med moambe omfattar ofte også peanøtter, peanøttsaus eller peanøttsmør. Ein bruker gjerne kylling som kjøt i retten, men ein kan også bruka andre typar kjøt, som storfe, får, fisk eller ulike typar vilt, som krokodille eller hjortedyr. Moambe-kylling er rekna som nasjonalrett i tre afrikanske land.
For å laga palmesmør koker ein palmenøtter for så å knusa dei. Kjøtet blir blanda med vatn, silt og så kokt att. Det blir også laga hermetisk palmesmør, kjent som sauce graine eller noix de palme.[2]
I Angola blir moambe med kylling kalla moamba de galinha, og er rekna som nasjonalrett. Han blir vanlegvis serverte med funge, ein puré av maniok, og kan også lagast med fisk.[3]
I vestlege delar av Den demokratiske republikken Kongo kallar ein sausen av palmenøtter eller peanøtter mwambi eller mwambe (lingala mwǎmba).[4] Poulet à la Moambé, 'kylling i moambesaus', er også rekna som nasjonalrett i Kongo.[5]
I Gabon blir sausen vanlegvis kalla nyembwe, frå myene-ordet for palmesmør.[6] Den viktigaste retten med nyembwe er nyembwe-kylling (franske poulet [au] nyembwe eller poulet [au] gnemboue), som er rekna som nasjonalrett i Gabon.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.