From Wikipedia, the free encyclopedia
Maniok (Manihot esculenta) eller kassava er ein buskvekst i vortemjølkfamilien som blir dyrka som matplante. Arten kjem opphavleg frå Sør-Amerika, men er blitt svært populær i andre tropiske område.[1] I dag er Nigeria den største produsenten i verda.
Maniokplante | |
Maniokplante | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vortemjølkfamilien Euphorbiaceae |
Slekt: | Manihot |
Art: | Maniokplante M. esculenta |
Vitskapleg namn | |
Manihot esculenta Crantz, 1766 |
Ordet «maniok» er avleidd frå tupiordet manioka eller eit nærskyld ord i andre tupianske språk.[2] Nemninga kassava eller cassava, kjem frå det karibiske språket taino (caçábi, casávi, cazábbi eller cassáve).[3] Ei anna nemning på planten er yuca eller yucca, frå karibspråk.[4]
Planten blir som regel rundt 2 meter høg. Han har handflika blad.[1] Rotknollene veg rundt 2 kg, men kan bli opptil 10 kg. Dei er avlange og har korkaktig, brunt skal og lyst og saftig fruktkjøt som inneheld maniokstive, brasiliansk arrowrot.
Ein dyrkar maniok på store jorde omtrent som potet. Planten kan formeirast ved å ta stiklingar.[1]
Heile planten inneheld det giftige glykosidet linamarin, som ein kan øydeleggja gjennom koking, damping eller steiking. Ein kan også foredla rotknollen i stivefabrikkar og bruka produktet til brød og anna bakverk, eller til framstilling av tapioka (uekte sagogryn). Kassava kan brukast i ulike rettar som suppe, stuing og grautaktige rettar som ugali og fufu. Mange stader er rota basiskost.
I ein del område der maniokplanten veks blir også blada brukte i kosthaldet. Desse inneheld 30–40 % protein i tørrstoffet, medan røtene berre inneheld rundt 0,5 %.[1]
Oppmale til mjøl utan vidare foredling blir maniok òg brukt til dyrefôr.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.