From Wikipedia, the free encyclopedia
Landplantar er ei plantegruppe som omfattar mange av dei best kjende plantane på jorda. I tillegg til landplantane er det berre enkelte algeartar som kan leva på land. Nokre landplantar har også tilpassa seg eit liv heilt eller delvis i vatn att.
Landplantar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes Engl., 1892 |
«Ilandstiginga» for om lag 440 millionar år sidan skjedde evolusjonært sett truleg via ferskvatn, ikkje via havkysten. Den næraste evolusjonære slektningen til landplantane er kransalgane.
Den tradisjonelle inndelinga av landplantar var i mosar, karsporeplantar og frøplantar. Av desse gruppene er berre den sistnemnde naturlig. Ei inndeling i naturlege delgrupper er:
Fellestrekk (homologiar) for landplantane er kutikulaen som verner planten mot uttørking, og frøemnet. Stamarten til landplantane hadde også ei generasjonsveksling mellom ein sporeproduserande generasjon (sporofytt) og ein generasjon med kjønna formeiring (gametofytt). Til å begynna med var det gametofytten som var det mest fremtredande livsstadiet. Denne var også berar av dei to spesialiserte forplantingsorgana, det hokjønna archegonium og det hannkjønna antheridium. Dette er bevart hjå mosane, men blei endra i evolusjonens løp i stamarten til karplantane.
Taltt for dei meir detaljerte gruppene av landplantar er slik:
Gruppe | Divisjon | Norsk namn | Artstal | Artar i Norge |
---|---|---|---|---|
Grøne plantar | Plantae | 305 000 | 4 082 | |
Grønalgar | Chlorophyta | Grønalgar | 3 800[1] | Totalt: |
Charophyta | Grønalgar | 4 000-6 000[2] | 100[3] | |
Landplantar | Embryophyta | 296 000 | 3 982 | |
Mosar | Marchantiophyta | Levermosar | 6 000-8 000[4] | 277[5] |
Anthocerotophyta | Nålkapselmosar | 100-200[6] | 2[7] | |
Bryophyta | Bladmosar | 12 000[8] | 823[9] | |
Karplantar | Tracheophyta | 276 000 | 2 880[10] | |
Karsporeplantar | Lycopodiophyta | Kråkefotplantar | 1 200[11] | 14[12] |
Monilophyta | Bregneplantar | 15 000[13] | 61[14] | |
Frøplantar | Cycadophyta | Konglepalmer | 160[15] | 0 |
Ginkgophyta | Gingko | 1[16] | 0 | |
Pinophyta | Bartre | 630[17] | 25[18] | |
Gnetophyta | Gnetumplantar | 70[19] | 0 | |
Magnoliophyta | Dekkfrøplantar | 258 650[20] | 2 780[21] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.