gruppe av plantar, vanlegvis ein klasse From Wikipedia, the free encyclopedia
Bregnar (Polypodiopsida) er ein klasse av karsporeplantar.
Bregnar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida Cronquist, Takht. & W.Zimm., 1966 |
Desse plantene har store, ofte trekanta blad. Mange av bregnane har innrulla blad fram til dei veks fullt ut. Dei formeirer seg ved hjelp av sporar som vanlegvis blir til på undersida av blada.
Bregnane har generasjonsveksling, med ein sporofyttgenerasjon og ein gametofyttgenerasjon. Den grøne planta er sporofyttgenerasjonen, og er ofte fleirårig. Gametofyttgenerasjonen er som regel ikkje uavhengig av sporofytten, men sit som eit lite utskot på sporofytten. Hjå somme artar veks gametofytten under jorda og er saprofyttisk.
I Noreg finst det 42 viltveksande artar av bregnar.
Moderne studiar (Smith et Al, 2006) anerkjenner 4 klassar (Psilotopsida; Equisetopsida; Marattiopsida; Polypodiopsida), 11 ordenar og 37 familiar av bregneplantar.
Inndelinga er delvis klarlagd ved hjelp av fylogenetiske analysar og er gjengitt i hierarkisk skrivemåte], slik:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.