Snelleordenen
planteorden From Wikipedia, the free encyclopedia
Snelleordenen (Equisetales) er ein orden av fleirårige plantar som høyrer til klassen sneller (Equisetopsida/Sphenopsida) eller bregnar (Polypodiopsida). Han omfattar berre ein nolevande familie, Equisetaceae, som inneheld snelleslekta (Equisetum).
Snelleordenen | |
![]() Equisetum telmateia | |
Systematikk | |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Orden: | Snelleordenen Equisetales Berchtold & Presl, 1820 |
Sneller har karakteristiske ledda stilkar. Blada dannar slirer ved avslutningane på ledda. Nokre artar har også kransar med sidegreiner rett under slirene.
I dag finst det 18 artar av sneller, den einaste overlevande resten av ei stor plantegruppe som dominerte skogane i perm- og karbontida. Desse tidlege snelleplantane vart opp til 30 m høge tre med 1 m stammediameter, og utgjorde eit stort bidrag til noverande steinkolførekomstar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.