Zebed habbát
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zebed habbát (òg skrive Zeved habbát) (hebr. זֶֽבֶד הַבָּת) er den hovudsakleg sefardiske namneseremonien for jenter og svarar delvis til den delen av berít milá for gutar som ikkje involverer omskjering.
I askenasisk jødedom er den formelle namngjevingsseremonien for ei dotter vanlegvis berre ei enkel annonsering av faren åt den nyfødde jenta i synagogen. Ikkje-ortodokse og moderne ortodokse askenasiske jødar har i det siste skapt ulike seremoniar for nyfødde jenter inspirert av den sefardiske zebed habbát-seremonien.
Zebed habbát er vanlegvis markert i løpet av den første månaden etter fødselen og kan bli feira privat i synagogen eller med eit selskap heime. Seremonien blir gjerne leia av hakhámen (rabbinaren) eller hazzánen (kantoren).