Jewish Renewal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jewish Renewal (engelsk for ‘jødisk fornying’), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjønna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste leiarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.
Meir spesifikt viser omgrepet ‘Jewish Renewal’ til det som er på veg til å konsolidere seg som ei sjølvstendig retning av jødedommen, «the Jewish Renewal movement», som skildrar seg sjølv som «ei verdsomfattande, transdenominasjonell rørsle grunna på dei profetiske og mystiske tradisjonane i jødedommen». Arkivert 2005-08-13 ved Wayback Machine. Den primære leiaren i rørsla er rabbinar Zalman Schachter-Shalomi. Andre sentrale leiarar, lærarar og forfattarar er, i alfabetisk rekkjefølgje, rabbinarane Pam Baugh, David Cooper, Elliot Ginsberg, Lynn Gottlieb, Miles Krassen, Michael Lerner, Goldie Milgram, Marcia Prager, Shohama Wiener og Arthur Waskow.
Denne Jewish Renewal-rørsla brukar m.a. kabbalistisk og ḥasidisk teori og praksis i eit ikkje-ortodokst, egalitært rammeverk. Rørsla tek til seg venstreorienterte trekk som feminisme, miljøvern og pasifisme og utvidar den tradisjonelle jødiske gudstenesta med ekstatiske element som meditasjon, chanting og dans. Som del av arbeidet for å utvide det jødiske ritualet låner Renewal-medlemmer fritt og ope frå buddhisme, sufisme, indianske religionar og andre religionar. Dette fenomenet er kjent i religionsvitskapen som «synkretisme». Mange jødar utanom Renewal-rørsla ser religiøs synkretisme som uforeinleg med jødedommen.