Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaddísj (arameisk קַדִּישׁ [qaddīš]) er namnet på ei lovprisingsbøn i jødedommen. Denne bøna, som i dei aller fleste jødiske meinigheiter blir lesen på arameisk, inneheld ikkje Guds Namn og inneheld vanlegvis ikkje noka eksplisitt forbøn for døde heller, men er mest vidkjend i sin funksjon som minnebøn i dag. Kaddísj blir berre lese i minján.
«Kaddísj le‘élla» (sefardisk namn) eller «Hasí Kaddísj» (askenasisk namn) er kjernedelen av alle kaddísj-tekstar. Sagt utan tillegg er Kaddísj le‘élla bruka som avslutning på mindre delar av gudstenesta.
Leiaren seier:
יִתְגַּדַּל וְיִתְקַדַּשׁ שְׁמֵיהּ רַבָּא (אָמֵן). בְּעַלְמָא דִּי בְּרָא כִרְעוּתֵיהּ. וְיַמְלִיךְ מַלְכוּתֵיהּ. וְיַצְמַח פֻּרְקָנֵיהּ. וִֽיקָרֵב מְשִׁיחֵיהּ (אָמֵן). בְּחַיֵּיכוֹן וּבְיֽוֹמֵיכוֹן וּבְחַיֵּי דְכָל־בֵּית יִשְׂרָאֵל. בַּֽעֲגָלָה וּבִזְמַן קָרִיב. וְאִמְרוּ אָמֵן (אָמֵן)׃.
[Jitgaddal vəjitqaddaš šəmēh rabbā (Āmēn!), bə‘almā dī bərā khir‘ūtēh; vəjamlīkh malkhūtēh, vəjaṣmàḥ purqānēh, vīqārēḇ Məšīḥēh (Āmēn!); bəḥajjēkhōn uḇjōmēkhōn uḇḥajjē dəkhol-bēt Jisrā’ēl, ba‘ăgālā uḇizman qārīḇ, və’imrū «āmén» (Āmēn!).]
(Stort og helga vere det store Namnet Hans (Amén!), i verda som Han skapte etter viljen Sin; og regjere riket Hans; og [lat ho] spire, frelsa Hans; og [lat han] nærme seg Masjíahen Hans (Amén!); — i liva dykkar og i dagane dykkar og i liva åt alt Jisraél — snarleg og i ei nær tid; og sei de «Amén»! (Amén) )
Meinigheita svarar:
יְהֵא שְׁמֵיהּ רַבָּא מְבָרַךְ. לְעַלַּם לְעַלְמֵי עַלְמַיָּא יִתְבָּרַךְ.
[Jəhē šəmēh rabbā məbārakh, lə‘allam lə‘almē ‘almajjā jitbārakh;]
(Vere det store Namnet Hans signa; i æva og i ævers æva vere det signa!)
(I nokre tradisjonar svarar leiaren «Amén» og tek opp att «Yehé Sjeméh ...» etter meinigheita.)
Leiaren fortset:
וְיִשְׁתַּבַּח וְיִתְפָּאַר וְיִתְרוֹמַם וְיִתְנַשֵּׂא וְיִתְהַדַּר וְיִתְעַלֶּה וְיִתְהַלַּל שְׁמֵיהּ דְּקוּדְשָׁא. בְּרִיךְ הוּא (אָמֵן) לְעֵֽילָּא (לְעֵֽילָּא) מִן כָּל בִּרְכָתָא שִֽׁירָתָא תּוּשְׁבְּחָתָא וְנֶחָֽמָתָא דַּֽאֲמִירָן בְּעַלְמָא. וְאִמְרוּ אָמֵן (אָמֵן)׃.
[vəjištabbaḥ, vəjitpāar, vəjitrōmam, vəjitnassē, vəjithaddar, vəjit‘alle, vəjithallal Šəmēh dəQudšā; bərīkh Hū (Āmēn!), lə‘ēllā (lə‘ēllā) min kāl birkhātā, šīrātā, tušbəḥātā, vəneḥāmātā, da’ămīrān bə‘almā, və’imrū «āmēn» (Āmēn!).]
(— og prisa, og glorifisert, og gjort høgt, og løfta, og æra, og heva, og lovprist, Namnet åt den Heilage! Signa vere Han (Amén!), høgt som Han er over all signing, hymnar, lovprisingar og trøystar som blir sagde på jorda; og sei de «amen»! (Amén!) )
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.