Rekonstruksjonistisk jødedom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rekonstruksjonistisk jødedom er ei retning av rabbanittisk jødedom som er karakterisert ved:
- Trua at den personlege integriteten til kvart individ generelt er viktigare enn tradisjonelle jødiske lovar og skikkar, samtidig som det er tilrådd at kvar person sine religiøse praksis forheld seg til tradisjonar og godteken gruppepraksis. Dette fører generelt til større grad av tradisjonell religiøs praksis blant rekonstruksjonistiske jødar enn blant reformjødar.
- Ei positiv haldning til moderne kultur.
- Trua at både tradisjonelle rabbinske studiemåtar og moderne forsking og tekstkritikk er gyldige måtar å lære om og frå jødiske religiøse tekster.
- Ein ikkje-fundamentalistisk måte å undervise jødiske trusprinsipp på kombinert med synet at ingen jøde treng å godta alle — eller nokon som helst — trusprinsipp.
- Avvisinga av synet på jødane som eit utvalt folk.
- Avvisinga av mirakel og eit gudssyn som er meir deistisk enn teistisk.