Humanistisk jødedom
From Wikipedia, the free encyclopedia
Humanistisk jødedom eller human-etisk jødedom er ei rørsle innanfor jødedommen som legg vekt på jødisk kultur og historie heller enn trua på ein overnaturleg gud som kjelda for jødisk identitet. Filosofien i humanistisk jødedom er utleidd frå humanisme og livssynshumanisme. Den human-etiske jødedommen har desse karakteristiske trekka:
- Ein jøde er ein person som identifiserer seg med historia, kulturen og framtida åt det jødiske folket.
- Jødedommen er den historiske framtida åt det jødiske folket.
- Menneske har makt til og ansvar for å forme sine eigne liv uavhengig av nokon overnaturleg autoritet.
- Etikk og moral bør tene menneskelege behov og vala våre bør basere seg på omsyn til konsekvensane av handlingane våre heller enn førehandsdefinerte reglar og bod.
- Jødisk historie, som all historie, er eit reint menneskeleg og naturleg fenomen. Bibelske og andre tradisjonelle tekstar er resultat av menneskeleg aktivitet og kan best bli forstått gjennom arkeologi og annan vitskapleg analyse.
Det mest kjennspake trekket ved humanistisk jødedom er at rituala og seremoniane ikkje inneheld bøn til eller påkalling av nokon overnaturleg gud.