Sefirat ‘omer
From Wikipedia, the free encyclopedia
‘Omerteljing eller sefirat 'ómer, hebraisk סְפִירַת הָעֽוֹמֶר er ei munnleg teljing av dei 49 dagane mellom dei jødiske høgtidene pesaḥ (jødisk påske) og sjabu‘ót (vekefesten, jødisk pinse). Denne misváen (bodet) kjem frå Toráen (Mosebøkene) der det er eit bod om å telje 49 dagar frå den dagen då eit mål bygg vart ofra i Tempelet i Jerusalem inntil kveite vart brakt til Tempelet på sjabu‘ót. ‘Omerteljinga tar til på den andre dagen av pesaḥ og tar slutt dagen før høgtida sjabu‘ót.
Poenget med å telje kvar dag er at det skal vere ei andeleg førebuing og venting på å motta Toráen. Gud gav Toráen på Sinaifjellet på den 50. dagen, sjabu‘ót. Sefer haḥinnúkh slår fast at det jødiske folket vart sett fri frå Egypt ved påsketid for å kunne motta Toráen og leve etter dei lovane som var gjevne der. Å telje ‘omer er derfor eit symbol på at ein jøde ønskjer å akseptere lovane i Toráen i sitt eige liv.