Misjná
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bokverket Misjná (hebraisk מִשְׁנָה Mišnā) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av dei rabbanittiske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den moderne tidsrekninga.
Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt århundre tidlegare. Ein av dei seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lover for tempeltenesta.
Det er òg verd å merke seg at svært få skriftsitat er gjevne som basis for lovene i Misjná. Harmonisering og underbyggjing av misjnaiske lover og Torá-lover var viktige element i dei seinare medrasjím og Talmúd (Talmúd Jerusjalmí og Talmúd Bablí).
Dei rabbinske lærde som Misjná dokumenterer syna åt blir kalla tannaím (fl. av tanná). Tanná er eit arameisk ord som kjem frå same rota hebraisk Misjná. Grunntydinga av ordet er ‘taka oppatt’, ‘repetere’, og verbet kan òg tyde ‘å lære’. Ordet misjná tyder nærmast ‘det lærte’, og Misjná er i utgangspunktet å sjå som ein meir eller mindre fullstendig korpus av fariseisk-jødisk sivil og religiøs lov slik denne var forstått fram mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga og redigert av rebbí Jehudá hannasí («prins Jehudá»). Jehudá hannassí blir elles oftast kalla rett og slett Rebbí.