Sjemá‘ Jisraél
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjemá‘ Jisraél (hebraisk שְׁמַע יִשְׂרָאֵל [šəma‘ jisrā’ēl], «Høyr, Israel!») eller Sjemá‘ er namnet på den jødiske truvedkjenninga. Kjerneverset er 5. mosebok 6:4:
שְׁמַ֥ע יִשְׂרָאֵ֑ל יהו֥ה אֱלֹהֵ֖ינוּ יהו֥ה ׀ אֶחָֽד׃
[Šəma‘, Jisrā’ēl; Ădōnāj Ĕlōhēnū, Ădōnāj — eḥād!]
“Høyr, Israel: Den Evige er vår Gud, den Evige er éin!”
Sjemá‘ i si kjerneform var kampropet åt presten som kalla israelsfolket til kamp mot fienden (5. mos. 20:3; Talmúd Bablí, Sotá 42a). Det er dei siste orda i den døyandes truvedkjenning og det har vore dei siste orda for mange martyrar som vart torturerte og drepne for truskapen sin til Toráen.
Om rebbí ‘Aqibá er det sagt at han tolmodig heldt ut medan kjøtet hans vart rive opp med jarnkammar og at han døydde medan han sa Sjemá‘. Han uttala det siste ordet, אֶחָד [eḥād] (‘éin’) med siste andedraget sitt. (Talmúd Bablí, Berakhót 61b)