![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg/640px-IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg&w=640&q=50)
Sjaḥarít
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjaḥarít (hebr. שַֽׁחֲרִית [šaḥărīt]) eller sjaḥrít (he. שַׁחְרִית [šaḥrīt]) er namnet på den jødiske morgongudstenesta. Sentrale element i gudstenesta er Sjemá‘ Jisraél og ‘Amidáen. Føre sjølve hovudgudstenesta har ein oftast eit gudstenesteledd som i sefardisk jødedom blir kalla zemirót og som i askenasisk jødedom blir kalla pesuké dezimrá.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/19/IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg/640px-IDF_soldier_put_on_tefillin.jpg)
På måndag (eller tysdag i nokre fall), torsdag og sjabbát (laurdag) held ein i tillegg seder kirjat Torá — gudstenesteleddet der det blir lese frå Toráen.