Kaddísj
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kaddísj (arameisk קַדִּישׁ [qaddīš]) er namnet på ei lovprisingsbøn i jødedommen. Denne bøna, som i dei aller fleste jødiske meinigheiter blir lesen på arameisk, inneheld ikkje Guds Namn og inneheld vanlegvis ikkje noka eksplisitt forbøn for døde heller, men er mest vidkjend i sin funksjon som minnebøn i dag. Kaddísj blir berre lese i minján.