Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei fleste norske folkehøgskulane rettar seg mot vaksen ungdom og tilbyr linjefag knytte til fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har mange av dei norske folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag på tvers av linjene. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs.

Sjå òg folkehøgskule.

Den fyrste norske folkehøgskulen var SagatunHamar, som vart grunnlagt i 1864 av Olaus Arvesen og Herman Anker. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namn. Dermed vart alle skulane samla under nemninga folkehøgskule.

I 2016 er det 80 folkehøgskular i drift i Noreg, og dei er jamnt fordelt ut over heile landet. 32 av dei er kristelege folkehøgskular som har vald eit kristeleg grunnsyn og er eigd av kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane er frilyndte skular, som har eit ope grunnsyn og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar. Kvart år vel om lag 10 prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule.

Folkehøgskulerørsla i Noreg

Den danske teologen og diktaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783–1872) blir rekna som opphavsmannen til folkehøgskulen i dag. Grundtvig ønskte å skapa ei motvekt til den einsidige kunnskapsdyrkinga i latinskulane og ville skipa ein skule som skulle vera fri for eksamen og pensum, der elevane skulle kunna utvikla seg gjennom engasjerte foredrag og samtalar.[1]

Thumb
Sagatun folkehøyskole, den fyrste folkehøgskulen i Noreg.

Grundtvig skreiv i 1837 eit brev, «Til Nordmænd om en norsk Højskole», som fortalde om skuletankane han hadde. Ideen vart etter kvart etablert i lærarkrinsar omkring Ole Vig (1824–1857), som fekk tankar om å skipa ein sentral folkehøgskule for heile Noreg i Gudbrandsdalen. Den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun ved Hamar, vart skipa i 1864 av Olaus Arvesen (1830–1917) og Herman Anker (1839–1896). Skulen var etablert på eit grundvigansk idégrunnlag. Dermed vart idéen til Vig sett i live og då folkehøgskulen på Sagatun vart innvigd, mintest grunnleggjarane om innsatsen og inspirasjonen som Ole Vig hadde bidrege med inntil han døydde.

Etter kvart vart det etablert fleire folkehøgskular i Noreg. Mest kjend i ettertida er kanskje skulen Vonheim i Gausdal, som vart driven av Christopher Bruun og som la vekt på nasjonal, politisk og kristeleg opplysning. Vonheim skilde seg frå Sagatun i framhevinga av bondekultur og det særnorske. Folkehøgskulane vakte politisk debatt og i 1874 utforma Jacob Aall Bonnevie (skuledirektør i Nidaros) eit forslag om å oppretta amtsskular. Tanken var at desse skulle få statsstønad og utkonkurrera dei grundvigianske skulane som nokre var skeptiske til. Etter kvart måtte også fleire folkehøgskular leggja ned drifta. I 1890 fekk folkehøgskulane ein ny konkurrent med dei kristelege ungdomsskulane. Utover på 1900-talet vart det vedteke at alle tre skuleslaga skulle få statstilskot.

I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken og samla dei dåverande folkehøgskulane, fylkesskulane og dei kristelege ungdomsskulane under same nemning, som vart folkehøgskule. Mange av dei kristelege ungdomsskulane skifta ikkje namn til folkehøgskule før etter 1970, då dei tre siste åra av grunnskulen vart kalla ungdomsskule.

Folkehøgskulen i dag

Thumb
Mange norske folkehøgskular har linjefag som fokuserer på friluftsliv.

Det er i dag (2016) 80 folkehøgskular i drift i Noreg. Dei fleste av dei har vorte grunnlagt på 1800- og 1900-talet, og etter 1980-åra har det vorte etablert svært få nye folkehøgskular. Etablering av nye folkehøgskular i Noreg har vist seg å vera vanskeleg, og svært få prosjekt blir godkjende.[2][3]

Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, dei kristelege og dei frilyndte folkehøgskulane. Per 2016 er 32 av folkehøgskulane i Noreg kristelege folkehøgskular. Dei byggjer på eit kristeleg grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontor for kristen folkehøgskole og er eigd av ulike kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane i Noreg høyrer under dei frilyndte folkehøgskulane. Dei byggjer på eit ope grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontoret for folkehøgskolen og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar.[4]

Etter 1970-åra byrja undervisninga i folkehøgskulane å primært retta seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, musikk, dans, teater, forming og filosofi. I dei seinare åra har det vorte vanlegare med linjefag som utvikling av dataspel, ekstremsport, reiseliv og utviklingshjelp. Aktuelle interessefelt og trendar kan vera grunnlag for nye linjefag. Til dømes har Seljord folkehøgskule i 2015 starta ei linje basert på korleis vikingane levde, etter at TV-seriar som Game of Thrones og Vikings har auka interessa for vikingkulturen.[5]

Elevar som går eit år på folkehøgskule i dag kan søkja om stipend eller lån for å finansiera skuleåret. Eit fullført år på folkehøgskule gir to konkurransepoeng for alle som vil gå vidare med høgare offentleg utdanning. Det har vore politisk usemje om ein skal halda fram med å gi økonomisk stønad og studiepoeng for å gå eit år på folkehøgskule.[6] Kvart år vel ikring 10 prosent av dei norske elevkulla å gå eit år på folkehøgskule. I 2014 og 2015 har dei fleste norske folkehøgskulane opplevd auka pågang[7], og framgangen har vore sterkast for folkehøgskulane i Nord-Noreg og på Vestlandet.[8]

Liste over folkehøgskular i Noreg

Frilyndte folkehøgskular

Thumb
Jæren folkehøgskule
Thumb
Namdals folkehøgskole
Thumb
Nordmøre folkehøgskule
Thumb
Romerike folkehøgskole
Thumb
Sunnhordland folkehøgskule
Thumb
Trøndertun folkehøgskole
Thumb
Voss folkehøgskule
Meir informasjon Namn, Stad ...
Namn Stad Fylke Grunnlagt
Agder folkehøgskoleSøgneVest-Agder1918
Arbeiderbevegelsens folkehøgskoleRingsakerHedmark1939
Bømlo folkehøgskuleFinnåsHordaland1983
Buskerud folkehøgskoleDarbuBuskerud1909
Elverum folkehøgskuleElverumHedmark1928
Fana folkehøgskuleHjellestad, BergenHordaland1915
Fjordane folkehøgskoleNordfjordeidSogn og Fjordane1876
Follo folkehøgskoleVestbyAkershus1876
Fosen folkehøgskoleRissaTrøndelag1876
Hadeland folkehøgskoleBrandbuOppland1906
Hallingdal folkehøgskuleGolBuskerud1959
Hardanger folkehøgskuleLofthusHordaland1869
Harstad folkehøgskoleHarstadTroms1919
Jæren folkehøgskuleKleppeRogaland1899
Karmøy folkehøgskuleKopervikRogaland1906
Lofoten folkehøgskoleKabelvågNordland1901
Manger folkehøgskuleMangerHordaland1877
Møre folkehøgskuleØrstaMøre og Romsdal1899
Namdals folkehøgskoleGrongTrøndelag1884
NansenskolenLillehammerOppland1938
Nordiska folkhögskolanKungälvSverige1947
Nordmøre folkehøgskuleSurnadalMøre og Romsdal1920
Nordnorsk pensjonistskoleSømnaNordland1991
Norsk Senter for SeniorutviklingMelsomvikVestfold1979
Numedal folkehøgskoleRollagBuskerud1918
Pasvik folkehøgskoleSvanvik, Sør-VarangerFinnmark1970
Peder Morset folkehøgskoleSelbustrandTrøndelag1975
Ringebu folkehøgskuleRingebuOppland1876
Ringerike folkehøgskoleHønefossBuskerud1876
Romerike folkehøgskoleJessheimAkershus1876
Seljord folkehøgskuleSeljordTelemark1971
Setesdal folkehøgskuleValleAust-Agder2010
SKAP Kreativ folkehøyskoleMandalVest-Agder2016
Skiringssal folkehøyskoleSandefjordVestfold1876
Skjeberg folkehøyskoleSkjebergØstfold1876
Sjøholt folkehøgskule Ålesund Møre og Romsdal 2020
Skogn folkehøgskoleSkognTrøndelag1904
Sogndal folkehøgskuleSogndalSogn og Fjordane1871
Solbakken folkehøgskoleOs, Sør-OdalHedmark1946
Sund folkehøgskoleInderøyTrøndelag1868
Stord Folkehøgskule Stord Vestland/Hordaland 2021
Sunnhordland folkehøgskuleHalsnøyHordaland1868
Toneheim folkehøgskoleRidabu, HamarHedmark1970
Torshus folkehøgskuleFannremTrøndelag1903
Toten folkehøgskoleLenaOppland1882
Trøndertun folkehøgskoleGimse, MelhusTrøndelag1919
Vefsn folkehøgskoleMosjøenNordland1899
Voss folkehøgskuleVossHordaland1895
Ål folkehøyskoleÅlBuskerud1974
Åsane folkehøgskoleBergenHordaland1966
Lukk

Kristelege folkehøgskular

Thumb
Folkehøgskolen 69° Nord
Thumb
Fredly folkehøgskole
Thumb
Nordfjord folkehøgskule
Thumb
Sunnfjord folkehøgskule
Meir informasjon Namn, Stad ...
Namn Stad Fylke Grunnlagt
Bakketun folkehøgskoleVerdalTrøndelag1915
Bjerkely folkehøyskoleÅsnesHedmark1918
Borgund folkehøgskoleÅlesundMøre og Romsdal1914
Danvik folkehøgskoleDrammenBuskerud1913
Folkehøgskolen 69° NordMortenhals, BalsfjordTroms1984
Folkehøgskolen Nord-NorgeEvenskjerTroms1974
Folkehøgskolen SørlandetBirkelandAust-Agder1912
Fredly folkehøgskoleBørsaTrøndelag1899
Grenland folkehøgskolePorsgrunnTelemark1920
Haugetun folkehøyskoleRolvsøyØstfold1912
Hedmarktoppen folkehøyskoleHamarHedmark1970
Holtekilen folkehøgskoleStabekk, BærumAkershus1958
Hurdal Verk folkehøgskoleHurdalAkershus1945
Høgtun folkehøgskoleTorvikbuktMøre og Romsdal1917
Jeløy folkehøyskoleMossØstfold1971
Kristiansand folkehøyskoleKristiansandVest-Agder2015
Lundheim folkehøgskoleMoiRogaland1952
Molde folkehøgskoleMoldeMøre og Romsdal1917
Nordfjord folkehøgskuleVereideSogn og Fjordane1914
Nordhordland folkehøgskuleFrekhaugHordaland1918
Risøy folkehøyskoleGjeving, TvedestrandAust-Agder1936
Rødde folkehøgskoleMelhusTrøndelag1920
Rønningen folkehøgskoleKjelsåsOslo1969
Sagavoll folkehøgskoleGvarvTelemark1893
Sandvik folkehøgskoleMosjøenNordland1974
Solborg folkehøgskoleStavangerRogaland1913
Stavern folkehøyskoleStavernVestfold1921
Sunnfjord folkehøgskuleFørdeSogn og Fjordane1902
Sunnmøre folkehøgskuleUlsteinvikMøre og Romsdal1908
Svalbard folkehøgskole Longyearbyen Svalbard 2019
Valdres folkehøgskuleLeiraOppland1899
Viken folkehøgskoleGjøvikOppland1910
Øytun folkehøgskoleAltaFinnmark1917
Lukk

Nedlagde norske folkehøgskular

  • Dovre folkehøgskule, Dovre (1915–1918)
  • Fredheim folkehøgskole, Rognan (1913–2001)
  • Hadsel folkehøyskole, Stokmarknes (1969–1999)
  • Heimly folkehøgskole, Finnsnes (1916–2001)
  • Kvås folkehøgskole, Kvås (1921–2007)
  • Ryfylke folkehøgskule, Sand (1912–2001)[9]
  • Sagatun folkehøyskole, Hamar (1864–1891)
  • Samisk folkehøgskole (1936–1985) (1991–2001)
  • Senja folkehøgskole, Ibestad (1876–1984)
  • Solhov folkehøgskole, Lyngen (1912–1987)
  • Tryggheim folkehøgskule, Nærbø
  • Vestmar folkehøgskole, Drangedal
  • Vonheim, Gausdal (1867–2009)

Sjå òg

  • Folkehøgskule
  • Folkehøgskular i Danmark
  • Folkehøgskular i Finland
  • Folkehøgskular i Sverige

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.