From Wikipedia, the free encyclopedia
Voss Folkehøgskule på Voss er ein frilynt folkehøgskule som har vore i drift sidan 1895. Skulen ligg på garden Seim like vest for Vossavangen, og har seks linjer:
Skulen tek mot rundt 100 elevar kvart år.
Skulen vart grunnlagt i 1895 av Lars Eskeland, men ideen om å ta til med folkehøgskule her kom i 1887 då Bjørnstjerne Bjørnson var på Voss. Ei gruppe unge menneske hylla diktaren ved å syngje «Ja, vi elsker» utanfor hotellet der han budde. Bjørnson spurde ved dette høvet dei unge om det var nokon folkehøgskule i bygda. Då svaret var nei, uttalte han: «Ungdom på Voss. Det er mit ønske at det på Voss må bli reist en folkehøiskole.» Skulens ideologi var inspirert av Nikolai Frederik Severin Grundtvigs idè om folkehøgskoler.
Under den andre verdskrigen vart delar av folkehøgskulen tekne i bruk som sjukehus. Dette vara ved heilt til midt på 1950-talet då Fylkessjukehuset på Voss stod ferdig.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.