Lars Eskeland

norsk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Lars Eskeland (6. mars 186730. september 1942) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd på Stord.[1]

Kjappe fakta
Lars Eskeland
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd6. mars 1867
Stord
Død

30. september 1942 (75 år)
Bergen

Periode1892-1940
Medlem avNorges Bondelag, Fedrelandslaget
Religionkatolisisme
BornSigurd Eskeland
DebutNorsk formlæra
Lukk

Eskeland skreiv ei rekke ulike skrifter, både talar, innlegg i blad og aviser, og frittståande verk. Han gav ut lærebøker og fleire biografiar, mellom anna om Ole Vig og Ivar Aasen. Han har også skrive teksten til «Vossasongen». Han var også aktiv målmann, og hadde verv som formann i Voss Mållag frå det var grunnlagd i 1898 til 1905. Han var også formann i Vestlandske Mållag (1904-11) og Norsk Måldyrkingslag (1928-42).

Eskeland var ein føregangsmann for folkehøgskulerørsla, og grunnla Voss Folkehøgskule saman med Olaus Alvestad i 1895. Han var styrar av skulen i tida 18951927, då han måtte gå av etter at han hadde konvertert til katolisismen i 1925. Om han hadde halde fram som styrar av skulen, ville skulen ha mista statsstøtta.

Lars Eskeland var bror til skulemannen Severin Eskeland og onkel til kåsøren og forfattaren Ivar Eskeland.

Utmerkingar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.