Sogndalsfjøra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sogndalsfjøra er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sogndal kommune med 4 388 innbyggjarar per 1. januar 2024.
- «Sogndal» omdirigerer hit. For kommunen, sjå Sogndal kommune.
Sogndalsfjøra | |||
stad | |||
Sogndalsfjøra sett frå Åberge. | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 2,1 km² | ||
Folketal | 4 388 (2024) | ||
Folketettleik | 2 090 / km² | ||
Postnummer | 6853 SOGNDAL | ||
Innbyggjarnamn | sogndøl | ||
Preposisjon | i Sogndalsfjøra | ||
Ferdselsårer | |||
![]() Sogndalsfjøra 61.225555555556°N 7.1016666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sogndalsfjøra | |||
Tettstaden ligg på vestsida av Sogndalsfjorden, ein nordgåande arm av Sognefjorden. Sogndalsfjøra er eit skolesentrum med Høgskolen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule og folkehøgskule. Her er også idretts- og symjehall i området rundt Fosshaugane Campus. Stiftelsen Vestlandsforsking held også til her. Staden er elles eit viktig handelssenter for midtre og indre delar av Sogn.
Sogndalsfjøra har kontor for Sogn og Fjordane tingrett. I tettstaden kryssar riksveg 5 (Lærdal–Florø) og riksveg 13 frå Hella. Lerum Konserves, som er den største norske produsenten av saft og syltetøy, låg her i perioden 1920–2018 før han flytta til nabobygda Kaupanger. Vidare finst sagbruk og trevareindustri, slakteri, fleire hotell og monaleg turisttrafikk.
Det finnes ein del gamal, verdifull byggningsmasse langs fjorden i sentrum. Nyare bustader ligg for ein stor del på austsida av fjorden. Sogndal lufthamn på Haukåsen ligg ti kilometer sør for tettstadefd.
Sogndalsfjøra vert no til dels brukt om heile sentrumsområdet i Sogndal, men Fjøra var opphavleg området som ligg mellom Gravensteinsgata (Riksveg 5) og fjorden, på nordsida av Dalaelvi.[1] Heilt nede ved fjordfjøra ligg Dampskipskaia med ein liten kafe som har uteservering og matsal. Like ved går Fjordstien som går langs fjordkanten i Sogndalsfjøra og knyter sentrum saman med den nye Osenbrui.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1865 | 420 | |||
1875 | 459 | |||
1890 | 441 | |||
1900 | 431 | |||
1910 | 522 | |||
1920 | 553 | |||
1930 | 553 | |||
1946 | 677 | |||
1950 | 626 | |||
1960 | 1 513 | |||
1970 | 2 202 | |||
1980 | 2 502 | |||
1990 | 2 683 | |||
2000 | 2 653 | |||
2009 | 3 208 | |||
2012 | 3 455 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Bilete
- Dampskipskaia
- Sognahallen
- Loftesnesbrua
- Kveld i Sogndalsfjøra
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.