Sunnfjord Folkehøgskule | |||
Sunnfjord Folkehøgskule i mai 2004. | |||
Motto | Verdensmeister - i eige liv! | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Folkehøgskule | ||
Org.form | Stiftelse | ||
Org.nummer | 880395432 | ||
Grunnlagd | 1902 | ||
Region/fylke | Vestland | ||
Kommune | Sunnfjord | ||
Stad | Førde | ||
Adresse | Solvang 3, 6810 Førde | ||
Eigar | Normisjon | ||
Rektor | Jorun Knapstad | ||
Elevar | 100 | ||
Nettstad | https://sunnfjord.fhs.no | ||
Sunnfjord Folkehøgskule 61.46058889°N 5.8885°E |
Sunnfjord Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Sunnfjord kommune i Vestland fylke. Skulen tilbyr ulike linjer innanfor volleyball, friluftsliv, foto, globale tema, idrett og dans. Vidare tilbyr skulen ulike valfag og har også fellesfag på timeplanen. Skulen har plass til 100 elevar i året og er eigd av Normisjon.
Sunnfjord Folkehøgskule starta i Naustdal, der det i 1902 vart etablert ein ungdomsskule eigd av Ungdomsvennernes Foreining. I 1910 tok Sunnfjord indremisjon over denne skulen, og flytte han til Solvang i Førde. Skulen vart då gjort om til ein folkehøgskule med kristeleg profil og har vore i drift fram til i dag.
Det vart opna eit museum i Haavetun-bygget under feiringa av 100-års jubileet til skulen i 2002. Museet har eit bibliotek og eit rekonstruert elevrom frå 1960-talet.
- Beachvolleyball
- Beach sport
- Dans + idrett
- Fotball
- Friluftsliv og foto
- Global foto
- Global reise
- Global Sri Lanka
- Volleyball
- Volleyball toppidrett
Skulen tilbyr også halvårskursa Beach Sport og Beachvolleyball som går om hausten og våren.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.