Romerike Folkehøgskole | |||
Skuletype | Folkehøgskole | ||
---|---|---|---|
Grunnlagd | 1876 | ||
Region/fylke | Akershus | ||
Kommune | Ullensaker | ||
Stad | Jessheim | ||
Adresse | Trondheimsveien 176, 2068 Jessheim | ||
Eigar | Akershus fylkeskommune | ||
Rektor | Haldis Brubæk | ||
Elevar | 105 | ||
Romerike Folkehøgskole 60.159861°N 11.168194°E |
Romerike Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg på Jessheim i Ullensaker kommune i Akershus, om lag 8 km frå Oslo lufthamn, Gardermoen. Skolen har plass til rundt 105 elevar i året og er eigd av Akershus fylkeskommune.
Romerike Folkehøgskole har reindyrka fagfelta teater og musikk, og lagar 40 til 50 små og store teaterstykke og konsertar i løpet av året. Elevane bur på internat ved skolen, i enkelt- eller dobbeltrom. Fasilitetar ved skolen er mellom anna scene, lydstudio, lysstudio, gymsal, treningsrom og eit nybygg med black-box og lydtette musikkøverom.
- Kostyme og teatersminke
- Lyd og musikk
- Lysdesign
- Musikk og teater
- Scenografi
- Teater
Kjelder
- «Folkehøyskole». Store Norske Leksikon. Henta 26. juli 2015.
- «Romerike Folkehøgskole - Om skolen». folkehøgskole.no. Henta 26. juli 2015.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.