Åsane Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule som ligg på Hylkje, nord i Bergen kommune. Skulen er særleg opptatt av å utvikle kulturell forståing hjå elevane. Den legg særleg vekt på fredsarbeid og internasjonal solidaritet. Skulen er eigd av FORUT og IOGT og har årleg rundt 82 elever. I 09/10 har dei nådd nye høgder når det kjem til elevtal og har 100 elevar på skulen.
Skulen har følgjande linjer i 2009/2010:
- Kina/Kampsport
- U-landslinje(ISA)
- Visuell Kunst
- Musikk/Vokal
- Skriveverkstad
- Hestesport(todelt, trav og riding)
- Scenekunst
- Latinamerikalinje
Historie
Skulen blei til på Frekhaug i Meland i 1921. Bakgrunnen var at Nordhordland ungdomsskule blei skipa i 1914 som den 12. av sitt slag i Norge. Olav Bjørkum var første rektoren ved skulen. I 1921 ble det konflikt mellom rektor og styret for denne skulen. Samarbeidsproblema førte til slutt til at Olav Bjørkum slutta, og han starta sin eigen ungdomsskule på Frekhaug. For Nordhordland ungdomsskule førte dette til alvorlege økonomiske problem, siden statstilskotet følgde med rektor Bjørkum til den nye skulen. Frekhaug ungdomsskule heldt til i det som truleg var eit nybygg frå 1920, rett sør frå meieriet på Frekhaug. I 1966 sto eit nytt bygg klart på Hylkje i Åsane, og skulen flytta dit. I åra straks etter 2000 er bygningane ved skulen sterkt fornya.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.