Kristeleg ungdomsskule
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristeleg ungdomsskule var ein type folkehøgskule som vart etablert i Norge frå 1893 som ein slags parallell til dei grundtvigianske folkehøgskulane som etablerte seg i Danmark frå 1844 og i Noreg i 1864.[1] Dei kristelege ungdomsskulane voks fram med utgangspunkt i N.S.F. Grundtvig og Christen Kold. Særleg var Kold sentral i etableringa av dei kristne skulane.
Amtsskulestyraren Asbjørn Knutsen (1842–1917) skipa den første kristelege ungdomsskulen på Heibø i Heddal i 1893.[1] Han hadde namnet Notodden utvidede praktiske ungdomsskole, og blei seinare til Sagavoll ungdomsskole. Med dette la han grunnlaget for den kristelege ungdomsskulen i Norge. Det var lenge liten kontakt mellom de frilynte folkehøgskulane og dei kristelege ungdomsskulane. Dette motsetningsforholdet kom til ein viss grad til å prege forholdet mellom de to skoleslaga like til samarbeidet om felles lov for folkehøgskular vart tatt opp før og etter den andre verdenskrigen. Datidens fylkesskular (tidl. amtsskular), frilynte folkehøgskular og kristelege ungdomsskular vart samla under felles lovverk frå 1949 og vart til folkehøgskulerørsla slik vi kjenner ho i dag. Nokre av skulane brukte rett nok ungdomsskulenamnet, inntil ny utdanningslov og innføring av ålmenn ungdomsskole i 1969 gjorde at også disse måtte bytte namn til folkehøgskule.
Dei av dagens folkehøgskuler som opphavleg vart etablerte som kristelege ungdomsskular, er i stor grad knytt til Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole.
Desse skulane vart etablerte som kristelege ungdomsskular i Norge i tida fram til 1949:
Fleire kristne folkehøgskular er komne til også etter 1949, men desse vart direkte underlagd felles lovverk for folkehøgskular og har difor ikkje vore ungdomsskular. Desse er Lundheim (1952) på Moi, Holtekilen (1958) på Stabekk, Rønningen (1969) i Oslo, Hadsel (1969-1999) på Stokmarknes, Hedmarktoppen (1970) på Hamar, Jeløy (1971) i Moss, Soltun (1971) i Evenskjer, Sandvik (1971) i Mosjøen, Malangsenteret (1988) på Mortenhals, Svalbard (2019) i Longyearbyen og Sjøholt (2020) i Ålesund.
Sjølv om alle skulane formelt vart folkehøgskoler etter 1949, så venta fleire av dei kristelege ungdomsskulane med å gå over til det nye namnet til tidleg i 1970-åra, etter at grunnskulen sitt ungdomssteg hadde fått namnet ungdomsskule.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.