Departement i Frankrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit departement (fransk: département) er ein fransk adminstrativ eining noklunde tilsvarande eit norsk fylke (ein provins). Frankrike er delt inn i 96 departement. Eit departement vert leia av ein prefekt, tilsvarande norsk fylkesmann, og ei folkevald forsamling, conseil général. Departementa er gruppert i 22 regionar i sjølve Frankrike og fire oversjøiske regionar. Departementa er oppdelt i 342 arrondissement. Det finst òg departement i Elfenbeinskysten.
Historikk
Under den franske revolusjonen blei det den 22. november 1789 vedteke å opprette eininga département som erstatning for den gamle inndelinga i provinsar og landskap. Dei fleste av departementa blei oppretta den 4. mars 1790 etter vedtak i den grunnlovgjevande forsamlinga. Målet med denne reforma var å få vekk strukturar frå det gamle regimet og for å skape ein homogen nasjon.
I oppbygging er departementa ganske like: Dei er tilstrekkeleg små til å kunne styrast effektivt frå ein hovudstad. Hovudstaden skulle idéellt sett vere plassert midt i departementet og vanlegvis skulle det ikkje vere meir enn ein dags hesteritt frå kvar utkant av departementet til hovudstaden. Departementa er vanlegvis oppkalla etter elver, fjell og liknande. Dette i kontrast til den nyare franske regioninndelinga som har teke gamle provinsnamn.
Opphavleg var det 83 departement og dette auka til 130 i 1810 grunna Napoleons ekspansjon av fransk territorium, men redusert til 86 etter imperiet sitt fall. Seinare auka og minka talet i høve til grensedragingar med nabolanda. I 1860 blei Savoie og Nice lagt i Frankrike, medan områda Alsace og Lorraine blei skilde ut etter krigen med Tyskland i 1870 - 1871. Desse siste blei gjeninnlemma i 1919, men igjen lagt til Tyskland under andre verdskrigen. Etter krigen vart dei franske regionar. Dei algirske departementa blei skilde ut ved frigjeringa av dette landet i 1962. Seinare har enkelte grensedragingar funne stad ved deling av Korsika og ved omorganisering av Parisområdet. Dei tok også store delar av andre land.

(klikk på kartet for større versjon)
Tidlegare departement
(Ikkje fullstendig liste)
- Seine
- Seine-et-Oise
- Franske departement i Nederland.
- Franske departement i Algerie.
- 91 Algiers
- 92 Oran
- 93 Constantine
- Dei 130 departementa som Napoleon Bonaparte oppretta.
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.