Marseille
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.
Marseille, (oksitansk Marselha eller Marsiho, på latin Massilia) er den nest største byen i Frankrike, og har det tredje største storbyområdet med eit innbyggjartal på 1 516 340 i 1999 (berre Paris og Lyon er større). Byen ligg i den tidlegare provinsen Provence ved Middelhavet, og er den største kommersielle hamna i Frankrike. Marseille er hovudstad i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur i tillegg til préfecture (hovudstad) i departementet Bouches-du-Rhône.
Marseille | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto «Actibus immensis urbs fulget Massiliensis. ('Av hennar store handlingar skin byen av Massilia')» | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Bouches-du-Rhône | ||||
Grunnlagd | Omkring 600 fvt. | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 240,62 km² | ||||
Flatevidd - By - Urbant - Storbyområde |
240,62 km² 1 290 km² 2 830,2 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2013) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
855 393 3 555/km² 1 514 278 (2013) 1 734 277 (2013) | ||||
Koordinatar | 43°17′51″N 5°22′38″E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 13001-13016 | ||||
Telefon-retningsnummer | 0491 | ||||
Heimeside: https://www.marseille.fr | |||||
Nettstad: www.mairie-marseille.fr | |||||
Plassering | |||||
Det var greske kolonistar frå Fokaia som grunnla byen (som Massalia - Μασσαλία) omkring 600 f.Kr. Dei hadde stor sukess her, og gjorde byen til eit stort handelssentrum med ei svært god hamn. Dei var òg dei første i Vest-Europa til å bygge opp eit fungerande kloakksystem. Då moderbyen Phokaia i stor grad vart øydelagd av persarane i 545 f.Kr., kom det mange fleire grekarar til Massalia, noko som stundom vert rekna som den andre grunnlegginga av byen.
Byen fekk sjølvstyre i 1218, men i 1347 kom Svartedauden til Frankrike. Ein meinte pesten kom til landet via hamna i Marseille. Under den tyske okkupasjonen frå november 1942 til august 1944 vart store hamneområde øydelagde. Ved utgravingar etter krigen oppdaga ein spor av den gamle hamna, dokkar og eit teater mellom Quai du Port og Rue Casserie.