Bouches-du-Rhône
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Bouches-du-Rhône (oksitansk Bocas de Ròse) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, og er kalla opp etter elva Rhône.
Bouches-du-Rhône | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Bouches-du-Rhône | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 13 |
Region: | Provence-Alpes-Côte d'Azur |
Préfecture: | Marseille |
Sous-préfectures: | Aix-en-Provence Arles Istres |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 57 |
Kommunar: | 119 |
Président du conseil général: | Jean-Noël Guérini |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 3 375 5 087. |
-2005 | 1 905 829 |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Historie
Bouches-du-Rhône er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Provence og fyrstedøma Orange, Martigues og Lambesc. Departementet mista nokre område i 1793, inkludert Orange og Apt, då departementet Vaucluse vart oppretta.
Marseille har vore ein viktig hamneby heilt tilbake til tida før Julius Cæsar erobra Gallia.
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard i vest, Vaucluse i nord, Var i aust og Middelhavet i sør.
Marseille er den viktigaste byen i departementet med ei stor hamn.
Andre viktige byar er:
- Salon de Provence
- Aix-en-Provence
- Aubagne
- Arles
- Cassis
- Fos-sur-Mer
- Istres
- La Ciotat
- Martigues
Av elvar i departementet finne ein
Fjell i departementet er mellom anna:
- Alpilles
- Montagnette
- Montagne Sainte-Victoire
- Sainte-Baume
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bucco-rhodaniens.
Kultur
Departementet er godt representert i fransk kunst. Paul Cézanne måla mange bilete av Mont Sainte-Victoire. Vincent van Gogh var mykje i Arles, der han måla mange bilete i området rundt.
Turisme
- Marseille og Aix-en-Provence
- Romerske og romanske monument i Arles
- Camargue og byen Saintes-Maries-de-la-Mer
- Alphonse Daudet si vindmølle i Fontvieille
- Les Baux de Provence, mellomalderlandsby
- Saint-Rémy-de-Provence og ruinane av den romerske byen Glanum
- Tarascon, mellomalderslott og kyrkje.
- Salon-de-Provence, byen til Nostradamus
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.