Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Le Mans er ein by i Frankrike ved breidda av elva Sarthe. Han var lenge hovudstad i provinsen Maine, og er i dag prefecture (hovudstad) i departementet Sarthe. Innbyggjarane i byen vert kalla Manceaux og Mancelles. Le Mans har om lag 150 000 innbyggjarar, medan storbyområdet har nær 300 000 innbyggjarar.
Le Mans | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Pays-de-la-Loire Sarthe | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 52,81 km² | ||
Flatevidd - By |
52,81 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Storbyområde |
146 105 1 275/km² 293 159 | ||
Koordinatar | 48°0′18″N 0°11′52″E | ||
Høgd over havet | 51 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 72181/ 72000 | ||
Telefon-retningsnummer | (0)243 | ||
Heimeside: Offisiell nettstad |
Byen vart først nemnd av Ptolemaios som den romerske byen Vindinium og hovudstad for aulerci, ei stamme under Aedui. Le Mans vart òg kalla Civitas Cenomanorum (Byen av Cenomani). Byen låg då i den romerske provinsen Gallia Lugdunensis. Ein kan framleis sjå eit amfiteater frå 200-talet i byen.
Gregorius av Tours nemner den frankiske underkongen Rigomer, som vart drepen av Clovis under felttoget hans for å samle dei frankiske områda.
Som den største byen i provinsen Maine var det fleire kampar i Le Mans på 1000-talet mellom hertugane i Anjou og hertugane i Normandie. Då normannarane hadde kontroll over Maine, kunne Vilhelm Erobraren invadere England, men i 1069 gjorde innbyggjarane opprør og forviste normannarane. Etter dette vart Hugo V hertug av Maine.
Under den andre verdskrigen vart Le Mans frigjeve 8. august 1944 av amerikanske styrkar under Operasjon Overlord.
Byen er er kanskje best kjend for motorsport. To forskjellige racerbanar ligg i Le Mans. Den minste heiter Circuit Bugatti du Mans, og er ein relativt kort bane som vert brukt årer rundt. Den lengre og meir vidkjende Circuit de la Sarthe består delvis av offentleg vegar, som vert stengd for vanleg trafikk under løp, og som har vore åstad for det vidkjende billøpet 24 heures du Mans sidan 1923.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.