Remove ads
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Hautes-Alpes er eit departementet søraust i Frankrike kalla opp etter fjellkjeda Alpane. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur.
Hautes-Alpes | |
---|---|
Våpenskjoldet til Hautes-Alpes | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 05 |
Region: | Provence-Alpes-Côte d'Azur |
Préfecture: | Gap |
Sous-préfectures: | Briançon |
Arrondissement: | 2 |
Kantonar: | 30 |
Kommunar: | 177 |
Président du conseil général: | Auguste Trupheme |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 98. |
-1999 | 121 419 |
Folketettleik: | 22/km² |
Landareal¹: | 5 549 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Hautes-Alpes er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han består av dei franske provinsane Dauphiné og nordlege delar av Provence.
Napoleon reiste gjennom Gap då han kom attende for å krevje tilbake Frankrike etter å ha vore i eksil på Elba.
Departementet er omringa av følgjande franske departement: Alpes-de-Haute-Provence, Drôme, Isère og Savoie. I aust grensar departementet til Italia.
Hautes-Alpes ligg i Alpane og middelhøgda er over 1 000 meter, og det høgaste punktet over 4 000 meter. Det er berre tre større byar i departementet, Gap, Briançon og Embrun, som var sous-préfectures fram til 1926.
Den høgaste kommune i heile Europa er landsbyen Saint-Véran. Gap og Briançon er høgaste préfecture og sous-préfectures i Frankrike.
Følgjande elvar renn gjennom departementet:
Durance er demma opp, noko som har danna den største kunstige innsjøen i Europa, Lac de Serre-Ponçon.
Queyras-dalen ligg i den austlege delen av departementet og vert av mange rekna som svært vakker.
Innbyggjarane i departementet vert kalla Haut-Alpins.
Fjellterrenget som dekkjer mykje av departemenet forklarar den tynne folkesetnaden, som opphavleg var om lag 120 000. Det endra seg lite gjennom 1800-talet, men fall til om lag 85 000 etter den første verdskrigen. Mykje på grunn av turisme har folketalet stige frå 87 436 i 1962 til 121 419 i 1999, hovudsakleg i byen Gap.
Turistindustrien er stort sett avhengig av skisport om vinteren. Om sommaren trekk dei alpine omgivnadane og mange utandørsaktivitetar til seg mange turistar. Av aktivitetar finn ein segling, fjellturar, klatring og luftsport som seglflyging.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.