Remove ads
franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Puy-de-Dôme (oksitansk lo Puèi de Doma / lo Puèi Domat) er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Auvergne, og er kalla opp etter dei kvilande vulkanane Puy de Dôme.
Puy-de-Dôme | |
---|---|
Våpenskjoldet til Puy-de-Dôme | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 63 |
Region: | Auvergne |
Préfecture: | Clermont-Ferrand |
Sous-préfectures: | Ambert Issoire Riom Thiers |
Arrondissement: | 5 |
Kantonar: | 31 |
Kommunar: | 464 |
Président du conseil général: | Lionel Chauvin LR |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 36. |
-1999 | 604 266 |
Folketettleik: | 76/km² |
Landareal¹: | 7 970 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Puy-de-Dôme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Auvergne. Opphavleg skulle departementet kallast Mont d'Or («Gullfjellet»), men dette vart ikkje rekna for å vere eit namn som høyrte til likskapsprinsippet som var så viktig under revolusjonen.
Departementet er i dag ein del av regionen Auvergne og grensar til departementa Loire, Haute-Loire, Cantal, Corrèze, and Creuse.
Departementet ligg i Massif Central og har meir enn 80 vulkanske krater.
Dei største byane er Clermont-Ferrand, Thiers, Riom, Issoire, Ambert og Cournon-d'Auvergne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.