Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Puy de Dôme er ein stor lavadom og ein av dei yngste vulkanane i Chaîne des Puys-området i Massif Central i sørlege delar av det sentrale Frankrike, om lag 10 km frå byen Clermont-Ferrand. Departementet Puy-de-Dôme er kalla opp etter vulkanen.
Puy de Dôme | |||
fjell | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Område | Nær Clermont-Ferrand | ||
Fjelltype | Lavadom | ||
Fjellkjede | Chaîne des Puys i Massif Central | ||
Høgd | 1 464 moh. | ||
Bergartar frå | <10 000 pr | ||
Siste utbrot | 5760 fvt. | ||
Lettast tilkomst | veg | ||
Førstestiging | Ukjend | ||
Koordinatar | 45.5°N 2.8°E | ||
Puy de Dôme 45.772°N 2.9624°E | |||
Wikimedia Commons: Puy de Dôme (mountain) | |||
Ein reknar med at Le puy de Dôme vart danna ved eit einaste utbrot, og har vore utan vulkansk aktivitet dei siste 12000 åra. Han ligg på eit granittplatå i tusen meters høgd, til liks med alle dei andre vulkanane i Chaîne des Puys (Puysfjellkjeda). Denne rekkja av vulkanar, som inneheld mange sinderskjegler, lavadomar og maarar, ligg merkeleg nok langt borte frå kanten til ei kontinentalplate.
I det før-kristne Europa var Puy-de-Dôme ein samlingsplass for spirituelle seremoniar. Det vart bygd fleire tempel på toppen, inkludert eit gallo-romersk tempel for guden Merkur. Ruinane av dette vart oppdaga i 1873.
I 1648 viste Florin Périer, etter Blaise Pascal sitt ynskje, Evangelista Torricelli sin teori om at barometriske observasjonar vart skapt av vekta til lufta ved å måle høgda på ei kvikksølvsøyle ved tre forskjellige høgdenivå på Puy de Dôme.
I 1875 vart det bygd eit fysikklaboratorium på toppen. Sidan 1956 har det òg stått ei TDF-antenne (Télédiffusion de France) her.
I nyare tid har Puy de Dôme stundom vore målgang for etappar i Tour de France. Det var her Raymond Poulidor kjempa med Jacques Anquetil i 1964. Det var òg på denne toppen Eddy Merckx fekk eit slag i magen frå ein tilskodar i 1975.
Puy de Dôme er eit av dei mest vitja områda i Auvergne, og har nesten 500 000 turistar årleg. Området er eit senter for paragliding. Toppen gjev eit flott utsyn over Chaîne des Puys og Clermont-Ferrand. Det ligg ein restaurant og butikkar på toppen i tillegg til eit turistsenter med informasjon om historie og geologi i området.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.