Hauts-de-Seine

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Hauts-de-Seine

Hauts-de-Seine er eit departementet nord i sentrale delar Frankrike like vest for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Seinen. Det er eit lite og tett folkesett departementet med moderne kontor, teater og det store kjøpesenteret La Défense med Grande Arche.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Hauts-de-Seine
Våpenskjoldet til Hauts-de-Seine
Plassering
Plasseringa til Hauts-de-Seine i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 92
Region: Île-de-France
Préfecture: Nanterre
Sous-préfectures: Antony
Boulogne-Billancourt
Arrondissement: 3
Kantonar: 45
Kommunar: 36
Président du conseil général: Nicolas Sarkozy
Statistikk
Folketal Rangering 6.
 -2005 1 516 650
Folketettleik: 8 617/km²
Landareal¹: 176 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike
Lukk

Historie

Hauts-de-Seine var oppretta i 1968 frå delar av dei tidlegare departementa Seine og Seine-et-Oise.

I 1990-åra og tidleg på 2000-talet kom Hauts-de-Seine i det nasjonale søkelyset då det vart rulla opp ein korrupsjonsskandale der offentlege midlar vart nytta for departementet sine bustadprosjekt.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Val-de-Marne og Seine-Saint-Denis er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Hauts-de-Seine grensar til departementa Val-de-Marne, Yvelines, Val-d'Oise, Essonne, Seine-Saint-Denis og Paris.

Thumb

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Altoséquanais.

Økonomi

Hauts-de-Seine er Frankrike sitt nest rikaste departement etter Paris, og eit av dei rikaste områda i Europa. BNP per innbyggjar var € 62 374 i 2003 (om lag 500 000 kroner).

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hauts-de-Seine


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.