tiår From Wikipedia, the free encyclopedia
1860-åra var eit uroleg tiår i Amerika, Asia og Europa, prega av revolusjonar i Det osmanske riket og Tyskland og borgarkrig i USA. Det blei utvikla militærteknologi som panserskip, undervassbåtar og ei tidleg utgåve av maskingevær, og USA opplevde total krigføring med store tap av menneskeliv, byar og eigedom. Den atlantiske slavehandelen, som hadde vore i nedgang sidan 1820-åra, braut saman då USA innførte forbod mot slaveri.
Politiske drap
Impresjonismen gjorde seg gjeldande med utstillingar i Salon des Refusés av måleri refuserte av Salon de Paris.
I Storbritannia stod prerafaelittane sterkt. I 1861 skipa William Morris interiørselskapet Morris & Co. i 1861 saman med mellom anna Ford Madox Brown, Edward Burne-Jones og Dante Gabriel Rossetti for å tilverka handverk inspirert av kunstrørsla.[2] Julia Margaret Cameron byrja fotografera og eksperimenterte med prerafaelittisk-inspirert kunstfotografi.
Verdsutstillinga i Paris i 1867 opna med nasjonale paviljongar. Japansk ukiyo-e utstilt der var med på å vekka interesse for kunst og kultur frå det nyleg opna Japan.
Karl Marx gav ut første bandet av Das Kapital i 1867.
Sarah Bernhardt debuterte som skodespelar i Paris i 1862, til dårlege kritikkar. Ho fekk eit gjennombrot med Kean av Alexandre Dumas den eldre i 1868.
Viktoriatida prega kulturen i Det britiske imperiet, og påverka kulturen i land som USA. Innan vestleg mote nådde skjørtet på kjolar si største vidde med bruk av krinoline for å halda plagget utover. Utviklinga av dress og smoking fortsette blant menn, med dressjakke, bukse og vest i same stoff som ei uvanleg nyskaping. Flosshatten fekk si høgaste utforming i dette tiåret, medan skalk eller bowlerhatt blei utbreidd som eit uformelt hovudplagg.[3] Stetsonhatten «Boss of the Plains», prototypen på den verdskjende cowboyhatten, blei utforma for livet i det ville vesten.
Skisport blei utvikla med skipinga av dei første skiklubbane og tidlege konkurransar. Trysil Skytte- og Skiløberforning blei skipa 20. mai 1861 i Trysil.[4] Same året blei skiklubben Kiandra Snow Shoe Club skipa av tre norske gruvearbeidarar i Kiandra i Australia.[5] Inderøens Skiløberforening blei også skipa dette tiåret.[6] Dei første organiserte langrennsløpa blei haldne, med eit tidleg døme dokumentert i Plumas i California i 1861,[7] Den første skihoppkonkurransen blei halden i Trysil i 1862; det første kjende skihoppet av ei kvinne fann stad under same konkurranse året etter.[8]
Sykling tok av då syklar med pedalar blei utvikla i Frankrike. I Paris utvikla både smeden Pierre Michaux, brørne Aimé, René og Marius Olivier og Pierre Lallement såkalla pedal velocipedes. Lallement tok med seg patentet til USA.[9] Denne sykkelen blei vidareutvikla til veltepetteren med stort framhjul i Storbritannia og Nord-Amerika.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.