Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Taipingopprøret var eit bondeopprør frå 1850 til 1864 mot mandsjudynastiet i Kina, Qing. Opprørarane fekk kontroll over større område, men blei til slutt slått ned etter at Qing fekk hjelp frå vestlege land. Opprøret var leidd av Hong Xiuquan.
Hong Xiuquan, påverka av kristne misjonærar, kalla seg «Kristi yngre bror» og forkynte ein ny religion der tilhengjarane blei lova eit gudsrike på jorda (t'ai p'ing tyder 'stor fred'). Sosiale reformer var likevel hovudsaka. Store mengder misnøgde bønder samla seg under Hong, som utnemnde seg sjølv til keisar og sine næraste medarbeidarar til kongar. Taipingane gjekk inn for sosiale reformer, dei erobra jord og delte ut, og prøvde å erstatta lokale religionar med ei form for kristendom. Ettersom rørsla kjempa mot mandsjuane, fekk ho også eit nasjonalistisk preg. Qing-dynastiet vakla, men fekk støtte av den kinesiske mellom- og overklassen, som mislikte brota med gamle tradisjonar, dei «bondske» skikkane til opprørarane. Europearane i Kina heldt seg lenge nøytrale.
Hong grunnla «Det himmelske riket av den store freda» 11. januar 1851. I 1852 tok rørsla kontroll over Hankou og i 1853 Nanjing (Nanking), som blei hovudstad. Hong Xiuquan installerte seg her som keisar og trekte seg tilbake frå ei aktiv politisk og administrativ rolle. Han styrte gjennom proklamasjonar. I 1856 avretta styrkane hans ein tidlegare nær medarbeidar og «Guds talerøyr», Yang Xiuqing, og tilhengjarane hans, etter at Hong var blitt mistenksam mot Yang.
I 1859 fekk fetteren til Hong, Hong Rengan, ein framtredande rolle. Han innførte ulike reformer og gjekk inn for å utvida territoriet. I 1860 truga dei Shanghai, og også folka frå Vesten som budde der. Dei skipa ein milits som nedkjempa opprørsstyrkane. Den britiske offiseren Charles George «Chinese» Gordon leidde kampane til opprøret var knust.
Nanjing fall til Qing-styrkane i juni 1864, like etter at Hong døydde av forgifting. Han hadde nokre månader tidlegare abdisert til fordel for den tenåringssonen sin, Hong Tianguifu, som blei teken av keisarstyrker i november same året og avretta. Andre prinsar blei også avretta, medan restane av taipingstyrkane blei drepne i harde kampar.
I det same tidsrommet fann det også stad fleire andre opprør i Kina: Nianopprøret (1853-1868), og fleire muslimske opprør: Panthayopprøret (1855-1873) sørvest i Kina, som også var eit opprør mot Qing-dynastiet og hadde kontakt med taipingopprørarane, og Dunganopprøret (1862-1877) i nordvest.
Den unge Sun Yat-sen hadde seinare kontakt med taipingrørsla. Det kinesiske kommunistpartiet reknar Taipingopprøret som ein forløpar til den kommunistiske revolusjonen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.