From Wikipedia, the free encyclopedia
Alfred Bernhard Nobel (21. oktober 1833–10. desember 1896) var ein svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop, kjend for å ha utvikla dynamitt og oppretta Nobelprisen.
Alfred Nobel | |||
| |||
Fødd | Alfred Bernhard Nobel 21. oktober 1833 Stockholm, Jakob och Johannes församling | ||
---|---|---|---|
Død | 10. desember 1896 Sanremo | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | kjemikar, ingeniør, oppfinnar | ||
Yrke | kjemikar, industrieigar, velgjerar, fotograf, våpenprodusent, ingeniør | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien |
Alfred Nobel var fødd i Stockholm som tredje son av Emmanuel Nobel (1801-1872). Familien budde i Stockholm til Alfred var 8 år gamal, og dei flytta til St. Petersburg der faren hadde starta ein maskinverkstad der det vart produsert torpedoar.
Alfred Nobel viste tidleg interesse for naturvitskap og språk, og hadde lett for å lære. Han skaffa seg omfattande kunnskapar om både naturvitskap og litteratur, men han tok aldri eksamen på noko universitet eller høgskole.
I 1863 flytta han attende til Sverige og byrja å arbeide som kjemikar ved faren sin verkstad i Helenborg. Han vidareutvikla sprengstoffet nitroglysering og starta industriell produksjon av dette i 1864. I 1867 fekk han patent på ein type sprengstoff han gav namnet dynamitt, etter å ha funne opp dette året før. Denne oppfinninga fekk stor innverknad på anleggsverksemd i mange land og la grunnlaget for Nobel sin store formue.
Som oppfinnar tok Alfred Nobel 355 patent.
Nobel døydde i Sanremo i Italia.
Nobel hadde også sterke sosiale interesser og ein draum om å gjere noko for menneske verda over. Han testamenterte det meste av formuen til eit fond der inntektene kvart år blir brukt til å dele ut Nobelprisen.
Grunnstoffet nobelium med atomnummer 102 er kalla opp etter Alfred Nobel.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.