From Wikipedia, the free encyclopedia
Pedro Américo de Figueiredo e Melo (29. april 1843–7. oktober 1905) var ein brasiliansk kunstnar, forfattar, akademikar og politikar. Han er best kjend for måleria sine i akademisk stil, ofte med nasjonalt tilsnitt, som Batalha de Avaí (Slaget ved Avaí), Fala do Trono ('Keisartalen'), Independência ou Morte! ('Sjølvstende eller døden!') og Tiradentes esquartejado ('Tiradentes kvartert').
Pedro Américo | |
Statsborgarskap | Brasil |
Fødd | 29. april 1843 Areia |
Død |
7. oktober 1905 (62 år) |
Yrke | kunstmålar, lyrikar, romanforfattar, politikar, naturvitar |
Språk | portugisisk |
Pedro Américo på Commons |
Américo var fødd i Areia i Paraíba nordaust i Brasil. Han var rekna som eit vedunderbarn med tidlege evner til å teikna.
Han kom til Rio de Janeiro i 1854, der han etterkvart blei teken inn ved kunstakademiet Academia Imperial de Belas Artes (AIBA). Seinare fortsette han studiane sine i Europa. I 1859 byrja han ved École des Beaux-Arts i Paris, der han var elev av Jean-Auguste-Dominique Ingres, Léon Cogniet, Hippolyte Flandrin og Sébastien-Melchior Cornu.[1][2][3] Han hadde eit stipend som sa at han skulle følgja den akademiske stilen og senda verk tilbake til Brasil etterkvart, både aktstudiar og kopiar av meisterverk. Américo fekk stor ros for måleria sine og vann to prisar, men var ikkje interessert i større salongutstillignar. I staden studerte han fleire disiplinar, som fysikk, arkeologi, teologi, litteratur og filosofi, og var på førelesingar av Victor Cousin, Claude Bernard og Michael Faraday.[4][5] Han blei også immatrikulert ved Université Libre de Bruxelles i 1862, men gjekk sjeldan på førelesingane.[6][4][2]
På denne tida byrja han utvikla tankar om melloom anna korleis kunsten kunne driva samfunnsutviklinga.[7][4] Under europaopphaldet sitt vitja han også Salon des Refusés i Paris, der han blei kjend med dei før-modernistiske tendensane i europeisk kunst.[4] Han vitja ei rekkje europeiske land, fleire av dei til fots, som Danmark, Storhertugdømet Baden, Nederland, Skottland, dei greske øyane og Sicilia, og drog også til Marokko og Algerie.
Han tok doktorgrad ved Universitetet i Brussel i 1868 og fekk ei professorstilling der. Samstundes blei han pressa av brasilianske styresmakter om å koma tilbake til Brasil for å ta opp professoratet sitt ved AIBA.[6][7][4][1][5]
I 1890 vende Américo tilbake til Brasil via Portugal. Her gifta han seg med Carlota de Araújo Porto-alegre (1844-1918), dottera til den brasillianske konsulen i Lisboa Manuel de Araújo Porto-alegre, som også var målar. Paret fekk tre barn saman.
Etter å ha kome tilbake til Brasil laga Pedro Américo fleire nasjonalistiske måleri som er blitt svært kjende i landet. Han drog fram og tilbake mellom Brasil og Europa, og måla eit av sitt best kjende verk, Independência ou Morte! ('Sjølvstende eller døden!'), i Firenze. Måleriet viser tidspunktet der prins Pedro, seinare keisar Pedro I av Brasil, dramatisk erklærer sjølvstende frå Portugal i 1822.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.