From Wikipedia, the free encyclopedia
Giuseppe Garibaldi (4. juli 1807–2. juni 1882) var ein italiensk geriljaleiar og nasjonalist. Han var ein av dei mest sentrale personane i samlinga av Italia. Han vart fødd i Nice i Frankrike, og døydde i Caprera i Italia.
Giuseppe Garibaldi | |||
| |||
Fødd | 4. juli 1807 Nice | ||
---|---|---|---|
Død | 2. juni 1882 (74 år) | ||
Statsborgar av | Riograndense Republic, Kongedømet Italia, Frankrike, Kongeriket Sardinia, Peru | ||
Parti | Historiske venstre (1867; 1877) | ||
Yrke | politikar, skribent, sjølvbiograf, motstandskjempar, militær, leigesoldat | ||
Ektefelle | Anita Garibaldi, Giuseppina Raimondi, Francesca Armosino | ||
Barn | Ricciotti Garibaldi, Rosa Garibaldi, Teresa Garibaldi, Clelia Garibaldi, Manlio Garibaldi, Rosita Garibaldi, Anita Garibaldi, Menotti Garibaldi | ||
Alle verv |
|
Garibaldi var frontfigur for Risorgimento, den italienske rørsla for nasjonal sameining. På den tida var den apenniniske halvøya delt opp mellom ei rekke statar, mellom anna Kyrkjestaten og kongeriket Begge Siciliar. Han var under innflyting av Giuseppe Mazzini, ein leiande italiensk nasjonalistisk teoretikar. Etter å ha delteke i eit mislukka opprør i Piemonte i 1834, vart Garibaldi dømd til døden, men lukkast i å flykta til Sør-Amerika.
Garibaldi vende attende til Europa i revolusjonsåret 1848. Han samla ein geriljahær som vart nedkjempa. Etter dette vart han tvungen til å forlata heimlandet på nytt, som han først vende attende til i 1854. Seks år seinare innleia Garibaldi ei kampanje for militær erobring av Sicilia og Napoli, og utropa seg etter sigeren på Sicilia til diktator i Viktor Emmanuel II sitt namn. Kort tid etter lukkast det å sigra over hæren til kongeriket Napoli.
Garibaldi sin innsats leia til slutt til grunnlegginga av kongeriket Italia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.