Zhengzhou
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Zhengzhou (forenkla kinesisk 郑州, tradisjonell kinesisk 鄭州, pinyin Zhèngzhōu, Wade–Giles Chengchow) er eit kinesisk byprefektur som er hovudstad og den største byen i provinsen Henan i det sentrale Kina.[1] Innanfor bygrensene har byen kring 4,5 millionar innbyggjarar, medan heile prefekturer har kring 7,4 millionar innbyggjarar. Sentrum ligg 20 km sør for Den gule floden.
郑州市 (Zhèngzhōu) | ||
---|---|---|
Plassering | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Kina | |
Provins | Henan | |
Geografi | ||
Flatevidd - By - Urbant |
7 446,2 km² 1010.3 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Byområde |
7 356 000 987,9 /km² 4 508 000 | |
Koordinatar | 34°45′37″N 113°38′31″E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 450000 | |
Telefon-retningsnummer | 371 | |
Nettstad: www.zhengzhou.gov.cn |
Byen har mykje industri (bomull, aluminium, maskinbygg). Zhengzhou er òg eit av dei viktigaste jernbaneknutepunkta i Kina, der hovudaksane aust-vest (Long-hai, linja Shanghai-Xian-Urumqi) og nord-sør (Jing-guang, linja Beijing-Guangzhou) kryssar kvarandre. Nordbanegarden i Zhengzhou er den største gods- og rangerjernbanestasjonen i Asia.
Zhengzhou består av seks bydistrikt, eitt fylke og fem byfylk:
Byen har ei rik historisk og kulturell arv, først og fremst ved det at han var mangeårig hovudstad for Shang-dynastiet (kring 1550-1045 f.Kr.). Byen heitte då Ao. I den austlege utkanten av Zhengzhou ligg ein stad som heiter Shangcheng der det er funne restar etter bybusetnaden.
Rett ved byen Dengfeng, 80 km sørvest for Zhengzhou, ligg det kjende Shaolin-klosteret, der nokre av dei kinesiske kampformane (kongfu) vart utvikla av buddhistmunkane, noko som går igjen i mange kinofilmar (som til dømes Jet Li sin «Shaolin Monastery»).
Byen og området vart hardt råka under den andre kinesisk-japanske krigen mellom 1937 og 1945. I håp om at det ville sinke frammarsjen til dei japanske styrkane bestemte Guomindang-regjeringa seg i 1938 for å bryte dika rundt Huang He - Den gule floden. Dermed vart eit område på 54 000 m² sett under vatn. Éin million menneske drukna, og 12 millionar omkom etterpå som følgje av svolt og sjukdom.
I 1906 var byen vorte sete for ein katolsk apostolisk prefekt med ansvar for katolsk misjon i det som vart kalla det apostoliske prefekturet Vest-Hunan (frå 1924 kalla det ap. prefektur Chengchow). Den 11. april 1946 vart det oppgradert til bispedøme. Den italienske xaverianarpresten Faustino M. Tissot S.X. (1901-1991) vart biskop, men vart utvist av kommunistregimet i 1953. Då hadde bispedømet opp mot 20 000 katolikkar av ein samla folkesetnad på fire millionar.
I 1954 vart Zhengzhou hovudstad for provinsen Henan, noko som førte til ein eksplosiv vekst. Zhengzhou ligg i eit kjempestort område for bomullsdyrking, og vart dermed raskt sentrum for tekstilindustrien i Kina.
Jingguangbanen, som er toglinja mellom Beijing i nord og Guangzhou i sør, har stoppestad her. Denne sterkt trafikkerte jernbanelinja er òg innom mellom anna Shijiazhuang, Wuhan, Changsha og Shaoguan.
I Zhengzhou stansar toga på Longhaibanen, den viktigaste jernbanelinja i aust-vest-retning i Kina, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Kaifeng, Luoyang og Xi'an.
Riksveg 107 i Kina fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen (rett ved Hongkong, og går innom provinshovudstadane Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.