underart i planteriket From Wikipedia, the free encyclopedia
Grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata), ofte kalla vanleg engmarihand, er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Grasmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. incarnata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata
(Linné) Soó | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik myr, strandeng | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet engmarihand på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått det lite innarbeidde namnet grasmarihand. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet engmarihand, og mange vel å omtale underarten som «vanleg engmarihand». Artsdatabanken tilrår å bruke grasmarihand.[2] Tidlegare rekna ein blodmarihand som ein egen underart av engmarihand (D. incarnata ssp. cruenta), men i den 8. utgåva av Norsk flora er denne rekna som ein type av grasmarihand.[3]
I Sverige er blodmarihand og voksmarihand ikkje rekna som underarter, men som varietetar, og dermed har òg grasmarihand fått status som varietet (D. incarnata var. incarnata).[4]
I Danmark reknar ein dynemarihand som ein underart (D. incarnata ssp. lobelii) av engmarihand på linje med grasmarihand, medan voksmarihand er rekna som ein varietet (D. incarnata var. ochroleuca). I tillegg har det vore gjort einskildfunn av ei form (D. incarnata f. hyphaematodes).[5]
I Latvia er grasmarihand rekna som eigen art ved sidan av blodmarihand, medan voksmarihand er rekna som underart av grasmarihand.[6] I Litauen er alle desse tre plasserte på artsnivå, og der er grasmarihand førd opp med underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. serotina og D. incarnata ssp. haematodes.[7] I Estland er dei to siste, saman med fleire andre, rekna som varietetar av underarten grasmarihand.[8]
I Nederland skil ein mellom underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. coccinea og D. incarnata ssp. lobelii.[9] I Belgia reknar ein grasmarihand og dynemarihand (med namnet D. incarnata var. lobelii) som varietetar.[10][11]
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for engmarihand.[12] I Plants of the World Online held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[13]
Grasmarihand veks først og fremst på Austlandet og i Midt-Noreg, så meir og meir spreidd nord til grensa mot Finnmark. Han trivst på kalkrik myr eller strandeng.[14] I Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som livskraftig (LC).[15]
Ettersom grasmarihand i Sverige (svensk namn äkta ängsnycklar) er rekna som varietet, er han ikkje vurdert separat for raudlistestatus.[4] Han er rekna som underart i Danmark (status LC, dansk namn kødfarvet gøgeurt)[5] og i Finland (NT) (finsk namn suopunakämmekkä).[16]
Fordelinga på underartar av engmarihand er ikkje fullt ut klarlagd på Dei britiske øyane. Nominatunderarten grasmarihand er likevel rekna som livskraftig (LC) i både den britiske og den irske raudlista,[17][18] på same måte som lokalt i Wales,[19] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[20] I den lokale raudlista for England står han førebels på venteliste (WL) i påvente av meir data.[21]
I Estland er grasmarihand (estisk namn kahkjaspunane sõrmkäpp) vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[22] I Latvia er arten (latvisk namn stāvlapu dzegužpirkstīte)[6] vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[23] I Litauen er arten (litauisk namn raudonoji gegūnė) vanleg og er rekna som livskraftig.[7]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn vleeskleurige orchis, fransk namn orchis incarnat) spreidd i Nederland, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia veks han spreidd, og han er svært sjeldan i Vallonia.[9][24] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar),[25] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[26][27] I Luxembourg er han òg rekna som kritisk truga (CR).[28]
I Litauen er det registrert hybridar mellom grasmarihand og voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × incarnata ssp. ochroleuca eller Dactylorhiza incarnata nothossp. versicolor).[29][30]
Hybridar mellom grasmarihand og skogmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. fuchsii eller Dactylorhiza ×kerneriorum nothossp. kerneriorum)[31] finst i Noreg på fleire stader,[3] og han er registrert i Sverige (svensk namn hybridnycklar),[32] i Danmark[33] og i Finland.[34] Han veks og spreidd i Storbritannia og Irland,[35] og han er registrert i Estland.[36] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. maculata eller Dactylorhiza ×claudiopolitana nothossp. carnea)[37] er ikkje registrert i Noreg,[3] men han finst i Sverige,[38] Danmark[33] og Finland.[34] Han er òg registrert i Storbritannia og Irland, men er sjeldan.[35] I Nederland er denne hybriden (der kalla Dactylorhiza ×carnea) svært sjeldan.[39]
Hybridar mellom grasmarihand og lappmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. lapponica) finst fleire stader i Noreg[3] og Sverige,[40] og er registrert i Finland.[41] Hybridar med smalmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. sphagnicola) er registrert på det sørlege Austlandet i Noreg[3] og i Sverige.[42] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. purpurella) er funne på det nordlege Vestlandet i Noreg,[3] i Danmark[33] og i dei nordlege delane av Dei britiske øyane.[35] Det er òg registrert hybridar med nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. aschersoniana),[43] i Sverige,[44] i Danmark,[33] i Litauen[45] og i Nederland.[46] I Danmark er det vidare funne hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. integrata,[33] og på Dei britiske øyane er det registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis, Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis og Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa.[35] Den siste er òg registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza incarnata × praetermissa).[47]
Nyare funn av ein hybrid med systermarihand (Dactylorhiza incarnata × sambucina) i Småland i Sverige[48] er ikkje verifiserte. I Estland er det registrert hybridar mellom grasmarihand og Dactylorhiza russowii (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[49]
Grasmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothossp. vollmannii).[50] Han er funnen i Røros og Hattfjelldal i Noreg,[3] spreidde stader i Sverige[51] og to gonger i Cornwall.[35]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.