underart i planteriket From Wikipedia, the free encyclopedia
Lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica) er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Lappmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. majalis | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza majalis ssp. lapponica
(Laest. ex Hartm.) H.Sund. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik myr | ||
Utbreiing: | nordlege Europa | ||
Lappmarihand blei tidlegare ofte rekna som ein eigen art, Dactylorhiza lapponica, eller som ein underart av smalmarihand, men blir no rekna til kongsmarihand-gruppa D. majalis, og har status som underart.[2] Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[3]
Tidlegare var det vanleg å operere med tre artar i Noreg, smalmarihand (som då blei kalla D. traunsteineri), sumpmarihand (D. sphagnicola) og lappmarihand (D. lapponica). Ein har no gitt smalmarihand underartsepitetet (ssp. sphagnicola) og går ut frå at D. traunsteineri er ein reint mellomeuropeisk type som ikkje veks i Noreg og som blir rekna inn under lappmarihand (ssp. lapponica).[4]
Ein annan underart av kongsmarihand i Noreg er purpurmarihand (ssp. purpurella). I Sør-Sverige og Danmark veks nominatunderarten (ssp. majalis) og fleire.
I Finland blir lappmarihand no rekna som ein eigen art med det vitskapelege namnet D. traunsteineri.[5] Også i Baltikum har ein brukt namnet D. traunsteineri, der tidlegare òg kalla D. curvifolia. Det er òg truleg at D. russowii høyrer til her.[6]
Lappmarihand treng kalkrik myr å vekse i. Ho er ikkje så sterkt knytt til Nord-Noreg og fjellstroka i Sør-Noreg som ein trudde tidlegare, men har ei større sørleg utbreiing. Ein del funn i låglandet heilt sør på Austlandet, som ein trudde var smalmarihand, har òg vist seg å vere denne underarten.[4][7] Lappmarihand er i raudlistevurderinga i 2021 rekna som livskraftig (LC).[8]
Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn sumpnycklar)[9] og i Finland (VU, finsk namn kaitakämmekkä), der rekna som eigen art.[5] Det har synt seg at dei forekomstane av kongsmarihand på Gotland som ein tidlegare trudde var smalmarihand, er lappmarihand. Med eitt unntak er det òg lappmarihand som veks på Öland.[4]
I Danmark er arten berre kjend frå eit einskild herbariebelegg frå nordvestre Sjælland i 1894. Lappmarihand (dansk namn Traunsteiners gøgeurt) må såleis vere rekna som utdøydd i Danmark.[10][11]
Lappmarihand har vore registrert i Litauen (litauisk namn siauralapė gegūnė) med namnet D. traunsteineri (tidlegare kalla D. russowii). Han veks spreidd søraust og vest i landet og er rekna som sterkt truga (EN).[12][13] I Latvia veks D. russowii (latvisk namn rusova dzegužpirkstīte)[14] spreidd og er temmeleg sjeldan, men står ikkje som truga på den latviske raudlista.[15] I Estland veks D. russowii (estisk namn Russowi sõrmkäpp) spreidd over det meste av landet og har status som sårbar (VU).[16]
Hybridar mellom lappmarihand og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. lapponica) finst fleire stader i Noreg[17] og Sverige,[18] og er registrert i Finland.[19] Dette kan då vere den same som er registrert i Estland mellom Dactylorhiza russowii og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[20] I Sverige er det òg registrert hybridar med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × majalis ssp. lapponica).[21]
Hybridar mellom lappmarihand og skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. lapponica eller Dactylorhiza ×estonica)[22] veks spreidde stader i Noreg frå Dovre til Troms,[17] i nordlege Sverige[23] og i nordlege Finland.[24] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × majalis ssp. lapponica) veks spreidde stader i Noreg frå Hedmark og Oppland til Troms,[17] i nordlege Sverige[25] og i nordlege Finland.[24]
Det er òg registrert eit funn av hybriden med grønkurle (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × viridis) i Troms.[17]
Lappmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia lebrunii).[26] I Noreg er han funnen i Røros,[17] og han har òg vore registrert i Sverige.[27]
Hattfjelldal kommune har valt lappmarihand til sin kommuneblome.[28]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.